Hopp til innhold

Fleire stader i Norge er så populære som reisemål at det snart er fullt

Store turistdestinasjonar som Flåm og Geiranger er i ferd med å nå mettingspunktet for kor mange turistar dei kan ta i mot.

Turistar i flåm

IDYLL ELLER MASSETURISME?: Flåm er eit ynda reisemål for mange turistar.

Foto: Sigrid skjerdal / NRK

Berre i vesle Flåm i Sogn var det omlag 1,4 millionar turistar i fjor, og Fjord Norge melder om at veksten held fram i rikt monn også i år.

Men Kristian B. Jørgensen, som er administrerande direktør i Fjord Norge, seier dei opplever at enkelte turoperatørar som jobbar i den meir eksklusive marknaden, no unngår stadar som til dømes Flåm.

– Vi har definitivt turoperatørar som jobbar med det vi kallar «high end-kundar», altså godt betalande kundar, som seier til oss at dei unngår Flåm og Geiranger og også andre stadar på den verste tida av året, seier Jørgensen.

Kristian B. Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.

ÅTVARAR MOT MASSETURISME: Kristian B. Jørgensen som er administrerande direktør i Fjord Norge.

Foto: TOM HANSEN / FOTOGRAF TOM HANSEN AS

Ifølge Fjord Norge-sjefen meiner mange tilreisande at det blir for mange turistar på ein plass på same tid.

– Rett og slett fordi det ikkje er den opplevinga dei har presentert for sine kundar. Dei har marknadsført urørt natur og ynskjer å gi kundane sine det ekte fjordnorge. Difor vel dei andre reiseruter.

Ventar meir vekst

Dei siste åra har reiselivsnæringa globalt opplevd stor vekst. Med den posisjonen Norge har, kombinert med låg kronekrus, reknar Jørgensen med vidare vekst.

– Spesielt frå Asia og eventuelt andre oversjøiske marknadar, og då er det visse reisemål som allereie står under press, seier Jørgensen.

Berre til no i år har veksten frå den kinesiske marknaden auka med 100 prosent samanlikna med i fjor. Skal all veksten som dei forventar kjem pressast inn i løpet av fem månadar, fryktar Jørgensen at det vil gå ut over dei reisemåla som allereie i dag opplever stort press.

– Både Geiranger og Flåm opplever til tider rett og slett for mange til same tid. Men også stader som Bergen og Stavanger. Spesielt når det er mange cruiseskip inne kombinert med mange turistar på land så kan det opplevast som svært fullt, seier Jørgensen.

Populære Lofoten

– I Nord-Norge er det kanskje primært i Lofoten vi merkar at turisstraumen kan bli så stor at det kan bli eit problem, seier Trond Øverås, som er administrerande direktør i Nordnorsk Reiseliv AS.

Difor jobbar dei med ein besøksstrategi i Lofoten for å få fordele dei reisande over ein lengre tidsperiode. I løpet av nokre korte sommarmånadar skal alle til Lofotoen. Dei

Elisabeth Dreyer i Destinasjon Lofoten

REISELIV: Elisabeth Dreyer er reiselivssjef i Lofoten.

Foto: Tommy Andreassen

offisielle talar syner over 400.000 overnattingar i løpet av sommaren. Men desse tala er mangelfulle, og reiselivssjef Elisabeth Dreyer reknar med at det reelle talet er kring 800.000.

– Vi kan ikkje seie at vi snakkar om masseturisme, men vi er medvitne på problemstillinga, seier Elisabeth Dreyer, som er reiselivssjef i Lofoten.

Fullt i juli

– Strengt tatt har vi eit mettingspunktet i juli. Men i dei andre månadane har vi ledig kapasitet, også i skulemånadane. Vi må no skyve veksten ut i desse månadane, seier Solrun Hjelleflat, som er direktør for Aurland Ressursutvikling.

God utvikling

MÅ FORDELE TURISTANE: Solrun Hjelleflat er direktør for Aurland Ressursutvikling.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I løpet av fjoråret var 1,4 millionar besøkande innom Flåm. Den store turistmagneten er Flåmsbana, og i Flåm utvikling seier dagleg leiar Sivert Bakk at dei allereie har slutta å marknadsføre Flåmsbana om sommaren.

– Dei siste fire–fem åra har Flåmsbana nesten utelukkande marknadsført andre deler av året. Sommarsesongen sel seg sjølv, seier Bakk.

Fordele turiststraumen

I Fjord Norge meiner Jørgensen det er heilt avgjerande at turistmåla klarar å spreie turiststraumen meir ut over året. Elles fryktar han det vil gå ut over ryktet til turistmåla.

– Først og fremst handlar det om for mange menneske til same tid på ein destinasjon. Vi sel rein og urørt natur. Dersom turistane opplever masseturisme, vil det slå negativt ut, seier Jørgensen.