Hopp til innhold

Fjernar farlege blåskjelanlegg langs kysten

VIK (NRK): Forlatne blåskjelanlegg utan tilsyn utgjer ein trussel mot skipstrafikken, meiner Kystverket. Difor set dei no i gang ein storstilt aksjon for å rydde opp i norske farvatn.

orlatne blåskjelanlegg utan tilsyn utgjer ein trussel mot skipstrafikken, meiner Kystverket. Difor set dei no i gang ein storstilt aksjon for å rydde opp i norske farvatn.

SJÅ VIDEO: Eit blåskjelanlegg blir heva opp frå vatnet i fjorden utanfor Fresvik i Sogn og Fjordane. Reporter/foto: Sigrid Skjerdal, NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Jan Olaf Bommen, Ragn-Sells og Lene Mathiesen, Kystverket

PÅ OPPDRAG: Jan Olaf Bommen frå Ragn-Sells og Lene Mathiesen frå Kystverket var med då blåskjelanlegget utanfor Fresvik blei rydda opp.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Like utanfor Fresvik i Sogn ligg eit 230 meter langt blåskjelanlegg, med tau som strekker seg 20 meter under havoverflata. I Sogn og Fjordane ligg det ni andre slike anlegg, medan det er 14 anlegg utan tilsyn i Hordaland.

Kystverket meiner desse utgjer ein trussel for skipstrafikken, og er i gang med å rydde opp i dei to fylka.

– Det er eit problem når ein har mange blåser og tauverk som ligg umerka i sjøen. Hovudargumentet vårt for å få fjerna anlegga, er å betre tryggleiken på sjøen, seier prosjektleiar i Kystverket, Lene Mathiesen.

Kva kan skje om det slit seg laus?

– Her i Sognefjorden er det mykje ferjetrafikk, og særleg for småbåtar kan det skape farlege situasjonar om tauet kjem i propellen. Då kan det fort skje ulykker.

Lot anlegga ligge

Blåskjellanlegg

ANLEGG: Eit blåskjelanlegg består av store mengder tau, blåser og jernanker.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Mange av desse blåskjelanlegga blei sett opp på 90-talet, då det var billig å etablere seg innan industrien og ein trudde det var pengar å hente.

Blåskjelanlegg blei aldri ein stor suksess for dei fleste, og når selskapa gjekk konkurs blei anlegga liggande att i sjøen utan tilsyn. Det var ikkje før i 2007 at ein måtte stille med økonomisk garanti for fjerning av anlegg ved konkurs.

Renovasjonsselskapet Ragn-Sells har fått i oppdrag å ta hand om dei store mengdene materiale som no blir henta opp frå fjorden. Dei vil bruke materiala på nytt.

– Stort sett blir det materialgjenvinning. Bøyene blir malt opp og blir produsert ny plast av, og det same gjeld tauverket. I tillegg er det ein del jernanker, som vil bli materialgjenvunne, fortel avdelingsleiar i Ragn-Sells Sunnhordland, Jan Olaf Bommen.

Kan skade miljøet

Thomas Hartnik

MARIN FORSØPLING: Thomas Hartnik i Miljødirektoratet seier blåskjelanlegg er eit avfallsproblem.

Foto: Hanna Huglen Revheim/NRK

Leiar i seksjon for avfall og grunnforurensing i Miljødirektoratet, Thomas Hartnik, er kritisk til eigarane som har forlate anlegga utan å rydde opp etter seg.

Forlatne blåskjelanlegg er eit avfallsproblem og bidrar til forsøpling. Mange av delane på slike anlegg er laga av plast og kan ende som marin forsøpling og dermed påverke dei marine artane. Organismane kan sette seg fast i avfallet eller ete avfallet når den fragmenterast i små bitar, fortel han.

Hartnik er glad for at det no blir rydda opp i desse anlegga langs kysten.

– Det er viktig med ei rein kystlinje for å sikre at skipstrafikken kan fare trygt, at fiskarar slepp å få avfall i utstyret sitt, og for dyrelivet langs kysten, seier han.