Hopp til innhold

Fjella i Sogndal kulissar for spektakulære skiscener

SOGNDAL (NRK): Skikøyrarane i Sogndal er ein del av storfilmen Birkebeinerne. I filmen spelar dei baglarar på jakt etter kongeblod.

Lokale skikøyrarar i Sogndal er del av storfilmen Birkebeinerne.

SJÅ VIDEO: I dette landskapet vart skiscenene i Birkebeinerne spelt inn. (Foto/redigering: Steinar Lote)

Folk strøymer til kinosalane for å få med seg filmen «Birkebeinerne». Det mange ikkje veit er at det var i laussnøen i fjella i Sogndal at dei storslegne skiscenene vart spelt inn.

– Eg spelte baglar og skulle drepe kongssonen, fortel Øystein Henjum. Han var ein av fleire lokale skikøyrarar som fekk vere statistar i «Birkebeinerne».

Likar best å jakte

Øystein Henjum

STATIST: Øystein Henjum var ein av dei lokale skikøyrarane i Sogndal som fekk vise skidugleiken sin på film.

Foto: Steinar Lote / NRK

I filmen flyktar birkebeinarane for å redde guten av kongeætt.
Dei lokale statistane er baglarane som prøvde å drepe gutungen, og dei treivst godt i rolla som skurk.

– Eg likar betre å jakte enn å bli jakta på, seier Sondre Loftsgarden spøkefullt.

Men i filmen som i soga fekk dei aldri tatt livet av kongssonen.

– Vi var borti og ripa litt i luggen på dei, men vi klarte ikkje å stoppe dei, seier Loftsgarden.

Det er ikkje tilfeldig at desse vart spurt om å vere statistar. Ski i skog med gamalt utstyr krev sin skiløpar.

– Heile gjengen for i full fart nedover her etter ungen. Det var artig. Det er nok ikkje så mange som veit at det er her scenene blei spelt inn, fortel Henjum og speidar nedover dei snødekte fjellsidene.

(Artikkelen held fram under)

Skikøyring Sogndal

SOM PÅ FILM: I dette landskapet vart delar av filmen Birkebeinerne filma.

Foto: Steinar Lote / NRK

Nok av skistatistar å ta av

Han trur at ein av grunnane til at akkurat dette området vart valt til filminnspelinga, er at det er eit lett tilgjengeleg skiområde.

– Og det er jo greitt når ein skal dragse på masse filmutstyr. Dette er jo ein magnet for gode skikøyrarar, så det var nok av statistar å ta av, seier Henjum.

Dei tenkjer ikkje så mykje på at dei no blir å sjå på filmlerretet landet over.

– Det er veldig kjekt at dei spelte inn delar av filmen her. Dette er den beste plassen for skikøyring. Vi gjorde i grunn berre det vi likar best. Nemleg å stå på ski, seier Henjum.

Birkebeinerne Sogndal

MED PIL OG BOGE: Under innspelinga av filmen Birkebeinerne måtte fleire av skikøyrarane ha pil og boge på ryggen.

Foto: NRK/ Nordisk Film Distribusjon AS