Hopp til innhold

Romantikken er død på film

Talet på romantiske filmar er halvert dei fem siste åra. Og få går på kino for å sjå romantikk. Gutane får skulda.

Brooklyn

Det romantiske dramaet 'Brooklyn' har fått pris for beste britiske film og gode kritikkar. Men i opningshelga var det 2000 nordmenn som løyste kinobillett.

Foto: Kerry Brown

I fjor var det 11 filmar på norske kinoar som fekk merkelappen «romantikk». Det er nesten ei halvering frå toppåret 2011 med 21 slike filmar. Det viser tal frå bransjeorganisasjonen Film & Kino.

Ein grunn til nedgangen kan vere at filmbransjen tenker pengar. Kritikarroste romantiske filmar som «Brooklyn», «Love» og «Mine beste dager» er langt nede på lista over dei best besøkte filmane på norske kinoar for tida.

Action og superheltar dominerer

Deadpool

Actionfilmen 'Deadpool' var den best besøkte kinofilmen i Valentines-helga.

Foto: Joe Lederer

På den lista er det action- og eventyrfilmar som «The Revenant», «Star Wars» og «The Hateful Eight» som dominerer. No i Valentines-helga var det actionfilmen «Deadpool» som flest løyste billett til.

Filmmeldar Marthe Hedenstad i Filmpolitiet her i NRK meiner det er gutane som får velje film når dei skal på kino med kjærasten:

– Jenter kan godt så såkalla «gutefilmar», medan gutar ikkje ser såkalla «jentefilmar». Difor er publikumsgrunnlaget for actionfilmar, science fiction og superheltfilmar breiare enn for romantiske komediar og drama.

Og vi ser trenden også når det gjeld norske filmar på kino. Tidleg på 2000-talet blei det laga fleire romantiske filmar, som «Kvinnen i mitt liv», «Kalde føtter» og «Mars & Venus». Men i det siste har det blitt meir action og eventyr, også i norsk film.

Romantisk tørke

Kvinnen i mitt liv

Den romantiske komedien 'Kvinnen i mitt liv' med Thomas Giertsen og Ane Dahl Torp selde over 220.000 kinobillettar i 2003.

Foto: Helge Hansen, Filmkameratene

Denne helga var «Birkebeinerne» den norske filmen flest kjøpte billett til. Og dei siste åra er det filmar som «Bølgen», «Børning» og «Kon-Tiki» som har hevda seg på kinotoppen.

Også Norsk Filminstitutt merkar at romantikken er inne i ein tørkeperiode i norsk film. Filmkonsulent Silje Riise Næss seier det er langt mellom dei romantiske filmane i søknadsbunken ho har på bordet:

– Tendensen er at det lite av det. Og mindre no enn på den tida folk gjekk på kino for å sjå filmar som «Buddy» og «Detektor», og for ikkje å gløyme «Kvinnen i mitt liv».

Ho synest det er trist at det er så få filmar i denne sjangeren på kino no. Men ho trur det til dels skuldast dei prioriteringane amerikansk filmindustri har gjort.

– Hollywood har hatt eit anna fokus dei siste åra. Dei har satsa på seriar og superheltar. Dei konsentrerer seg om mannsdominerte miljø som har fortrengt parfilmane.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)