Hopp til innhold

Finvêret sørga for ei travel helg på «Storen»

Norgesguidene fekk ei travel helg då vêrgudane viste seg frå si beste side, etter ein sommar prega av regn.

Store Skagastølstind

HØG: Med sine 2405 meter ruvar Store Skagastølstind i landskapet.

Foto: Jostein Aasen

store skagastølstind

LUFTIG: For å ta seg til toppen må ein klatra, det er ei luftig oppleving.

Foto: Sigbjørn Veslegard / Norgesguidene

– I helga var det mykje folk, spesielt laurdag. Det er heilt naturleg, for det har vore mykje regn og dårleg vêr i sommar. No fekk vi endeleg ei helg med godt vêr, seier Jostein Aasen, som er tindevegleder i Norgesguidene.

Store Skagastølstind strekkjer seg heile 2405 meter over havet og er det tredje høgaste fjellet i Norge, men det einaste av dei tre høgaste som krev klatring for å nå toppen.

Auka interesse

Jostein Aasen

Guide Josten Aasen.

Foto: Privat

Sidan ein må klatra til toppen bør ein nytta seg av guidane om ein ikkje er erfaren med taubruk, sette eigne sikringar og lesa fjellet. Og trass i den dårlege sommaren, har det vore gode besøkstal.

– Det har vore ein sesong på det jamne for oss, men vi har merka at det er færre som går til toppen utan guide, seier Aasen.

Den beste dagen i helga var laurdag, då om lag 70 personar tok turen til toppen.

– Vi opplever stadig ei aukande interesse for turane, og akkurat no har vi problem med å finne nok kvalifisert arbeidskraft, seier Aasen.

store skagastølstind

LUFTIG: For å ta seg til toppen må ein klatra, det er ei luftig oppleving.

Foto: Sigbjørn Veslegard / Norgesguidene

Seinsommaren er høgsesong for turar på fjellet, då det ofte er snø på toppen tidlegare i sesongen. Men jo lengre ut på sommaren ein kjem, jo kortare vert dagane.

– Det er ein tur som tar 12 timar i jamt tempo. Dei som har tenkt seg oppover bør ha med seg klede slik at dei held varmen til det vert lyst att, om turen tar litt lengre tid enn forventa. Hovudlykt er også å anbefala, seier Aasen.

Norsk dokumentarserie om mennesker som lever i, for og av fjellet. Sigrid og Sander snik seg vekk og går den lange vegen til Norges høgaste klatrefjell. Bjørn viser ein bit av livsverket sitt langt til fjells, det brakar laus med rockefestival i Jotunheimen, og Henki skvisar inn ein klatretur mellom levering og henting på SFO. (3:6)

Sjå dokumentaren «Fjellfolk» sin episode om Store Skagastølstind.