Den rekorden kan bli vanskeleg å slå, for fredag sprang han frå Turtagrø over heile Skagastølsryggen og tilbake på under tre timar, skriv sportsmagasinet Fri Flyt.
– Det er nok mange som meiner dette er litt tullete, men eg tykkjer det er artig å kunne bevege meg raskt i fjellet. Skagastølsryggen er ein fantastisk stad å vere på løpetur, seier han til nettavisa.
Ein krevjande topptur
Erfarne og godt trena folk bruker gjerne mellom 12 og 15 timar på denne turen. Storen er Norges 3. høgste fjell med 2405 moh og er det høgste fjellet som krev klatring.
Ifølgje turtagro.no er ikkje turen teknisk vanskeleg, men den er til tider svært luftig. Du må også vere i god fysisk form for å kunne gjennomføre turen. Det er ei stor mental utfordring å gå over smale galleri og klatre 600 meter over Slingsbybreen.
Den første som klarte å bestige fjellet var den britiske klatraren og skribenten William Cecil Slingsby (1849–1929). Han nådde toppen på Store Skagastølstind i 1876.
Klatra utan tau
Det er Nils Nilelsen som sjølv har den førre rekorden på Storen med tida 4 timar og 30 minutt. Fredag hadde han eit mål om å komme under tre timar.
– Eg har hatt lyst å gjere dette ei stund. Forholda var veldig bra no. Det er akkurat passe med snø slik at eg kunne springe og småsli nedover snøfelta. Dermed gjekk det mykje raskare nedover, fortel han til Fri Flyt.
Ruta gjekk via hytta til Norsk Tindeklubb og vidare opp til Nordre Skagastølstind. Deretter gjekk turen bort til Store Skagastølstind.
– Eg klatra utan tau, men vil ikkje at dette skal bli oppfatta som galematias. Skagastølsryggen er ikkje vanskeleg klatring og eg har gått her mange gonger før. Eg kom opp Slingsby-ruta og klatra ned ruta som heiter Vigdals-sva.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
To timar til toppen
Han hadde med seg vann, energibarar og gelear. Utstyret måtte vere så lett som mogleg og han gjekk med shorts og joggesko. I sekken låg superundertøy, vindjakke og ei isøks.
– Det er 1750 høgdemeter med grov sti, ur, klyving og klatring. Eg brukte ein time og ti minutt til nordre, og etter to timer var eg på toppen av Storen, seier han til Fri Flyt.