NRK Meny
Normal

Fekk formannskapet med på ESA-klage – no reagerer børsen

At formannskapet i Førde denne veka bestemte seg for å klage sjødeponiet i Førdefjorden inn for ESA-domstolen, har fått konsekvensar for aksjane i Nordic Mining.

Norvall Nøringset

OPPLØFTA ETTER BØRS-REAKSJON: Norvall Nøringset (SV).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vedtaket i formannskapet vart gjort torsdag. Fredag morgon gjekk aksjekursen i Nordic Mining ned med 9,2 prosent.

– Det betyr at til og med børsen reagerer på eit vedtak i formannskapet i Førde. Det er interessant å sjå at når vi vel å klage saka inn for ESA så blir det lagt merke til av dei som spekulerer på børsen, seier Norvall Nøringset.

Bystyrerepresentanten frå SV var den som fekk formannskapet med seg på vedtaket torsdag.

Blei oppløfta

– Kva konsekvensar dette eventuelt får for prosjektet i Vevring er uklart, men det som gjer meg litt oppløfta er at dei som handlar med aksjar på børsen reagerer at saka blir klaga inn for ESA-domstolen.

Det er næringslivsavisa Hegnar.no som skriv om saka fredag. Etter at aksjekursen i Nordic Mining steig kraftig førre fredag då regjeringa gav grønt lys til sjødeponiet, toppar dei no i staden taparlista.

Vil ikkje spekulere

Ivar Fossum

NO GÅR AKSJEKURSEN NED IGJEN: Ivar S Fossum er administrerande direktør i Nordic Mining.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Eg vil ikkje spekulere for mykje i dette, men det kan god hende at ESA-klagen er med på å skape ein ekstra uvisse blant våre aksjonærar, seier Ivar S. Fossum, som er administrerande direktør i Nordic Mining.

Regjeringa sitt vedtak om å la Nordic Mining starte rutilutvinning i Engebøfjellet har vakt sterke reaksjonar. Sjølv om den drifta vil gje mange nye arbeidsplassar i regionen.

For eit deponi for 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden, er også ein del av avgjerda. Mange fryktar for kva følgjer det får for livet i fjorden.

SalmonCamera og Naturvernforbundet varsla tidleg at dei ville be ESA-domstolen vurdere om gruveprosjektet er i strid med vassdirektivet.

Om det blir lagt meir merke til på børsen at formannskapet i Førde gjer det same vil ikkje Fossum spekulere i.

– Det har eg ingen grunn til å ha noko sterk oppfatning om.

– Med dei reaksjonane som har kome på børsen, kan ESA-klagen skape problem for finansieringa av gruveprosjektet?

– Det har eg ingen grunn til å tru basert på dei tolkingane og vurderingar som er gjort så langt. Dette blir ei sak mellom norske styresmakter og ESA, men vi er trygge på at norske styresmakter har gjort gode vurderingar i forhold til det.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.