Hopp til innhold

Klamrar seg til europeisk halmstrå i kampen mot fjorddeponi

Miljørørsla klyngar seg til eit siste halmstrå for å stoppe sjødeponiet i Førdefjorden. EU sitt overvakingsorgan ESA kan stogge planane om miljødumpinga.

Stein Malkenes

TRUR PÅ ESA: Stein Malkenes er overtydd om at ESA no vil vurdere korvidt Nordic Mining sine planar let seg gjennomføre.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette er langt frå avgjort. Det er ikkje sikkert det blir noko ESA-sak, men om det blir sak blir det veldig spennande. Det er kanskje det siste halmstrået, seier Stein Malkenes til NRK.

Stein Malkenes er førstekandidat for Miljøpartiet dei grøne i Sogn og Fjordane. Som styreleiar for organisasjonen SalmonCamera klaga han i januar gruveplanane inn til ESA, fordi dei meiner planane er eit brot på EU sitt vassdirektiv.

Sa ja til stort utslepp

– Vurderinga er at det i alle fall er grunnlag for å stille det spørsmålet og be om ein gjennomgang. Det blir gjort framover no, og det er det vi må prøve å klynge oss til, seier Malkenes.

Fredag sa regjeringa ja til gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal kommune, med dumping av 250 millionar tonn gruveavfall med kjemikaliar i Førdefjorden.

Når Arbeidarpartiet ikkje vil vere med SV og Venstre på eit fleirtal for at Stortinget skal behandle gruvesaka, er siste håp for miljørørsla å gå over hovudet på norske styresmakter.

Kan vere brot på direktiv

EU har bestemt at vassdirektivet skal sikre god tilstand og kvalitet på vatn i heile Europa. Som EØS-land måtte også Norge ta direktivet inn i lovverket.

Det er ESA som skal kontrollere at EØS-landa følgjer reglane, og ESA har makt til å stogge gruveplanane, seier NIVA sin ekspert på direktivet, Anne Lyche Solheim.

– Det ESA kan gjere er å seie at dette er eit brot på vassdirektivet og forlange fleire utgreiingar. Om svaret på desse ikkje er tilfredsstillande sett frå ESA sin ståstad, så kan dei stemne Norge for EØS-domstolen, seier ho.

Ifølgje Aftenposten vil også Naturvernforbundet klage avgjerda inn for ESA.

Innbyggarar flagga på halv stong etter at regjeringa sa ja til gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

PÅ HALV STANG: Lidvald og Lena Vefring flagga på halv stong etter at dei fekk høyre nyhenda om at regjeringa har gjeve grønt lys til Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Engebøfjellet like ved bygda deira.

Skal undersøke saka

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, sa fredag han let ESA-klagen vere opp til norske styresmakter.

– Vi har gjort ei grundig juridisk vurdering av dette i utsleppsløyve, og etter vår vurdering er det innanfor rammene i direktivet, seier politisk rådgjevar i Miljødepartementet, Jens Frølich Holte.

Informasjonssjef i ESA, Andreas Kjeldsberg Pihl, seier dei no skal undersøke kva regjeringa sitt gruve-ja betyr for klagesaka frå Malkenes og SalmonCamera.

– Vi har ikkje teke stilling til kva som eventuelt skjer vidare frå vår side. No får vi sjå kva denne avgjerda betyr for vår handtering av denne klagen.