NRK Meny
Normal

Fastlandssamband har liten effekt på innbyggjartalet

Fastlandssamband har hatt liten effekt på innbyggjartalet i kommunar der det har blitt realisert, viser tal frå SSB.

Dalsfjordbrua

OPTIMISME: Ifølgje Askvoll-ordførar Frida Melvær har Dalsfjordbrua ført til meir optimisme i kommunen. Dalsfjordbrua mellom Fjaler og Askvoll vart opna 14. desember 2013.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har vel ikkje hatt noko stort oppsving i innbyggjartalet, men det har vi ikkje hatt i nokon del av kommunen. Vi har halde det stabilt dei siste åra, med litt vekst, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal.

Kommunane Askvoll og Solund har gått saman for å få realisert fastlandssamband mellom Askvoll og Atløy og bru over Ytre Steinsund i Solund.

Meiner næringslivet har blomstra

I 2010 vart Brandangersundbrua i Gulen opna. Brua bind saman fastlandet og Sandøyna, og ifølgje Oppedal har næringslivet fått ei oppblomstring etter at brua vart opna.

– På lakseslakteriet på Byrknes investerte dei for 150 millionar kroner for nokre år sidan, og det var etter at brua kom, seier Oppedal.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

NÆRINGSLIV: Gulen-ordførar Hallvard Oppedal seier fastlandssambandet har betydd mykje for satsinga til næringslivet.

Foto: Gøril Sætre

For to og eit halv år sidan vart Dalsfjordbrua opna mellom Askvoll kommune og Fjaler kommune. Dette har ifølgje ordførar i Askvoll kommune, Frida Melvær, vore viktig for vidare utvikling i kommunen.

– Det har også betydd mykje for den optimismen som finst. Vi ser at mange unge flyttar tilbake, og barnehagane er fulle. Det er også ein veldig giv i næringslivet, seier Melvær.

Meiner dei har oppnådd mykje

Men tal frå SSB viser at folketalet berre har auka med ni personar frå 2010 til 2015. Melvær forklarar at situasjonen tatt i betrakting er god for Askvoll kommune.

– Eg trur forklaringa ligg i alderssamansetnaden i befolkninga vår. Ifølgje prognosane så skulle Askvoll kommune lege 100 innbyggjarar under det vi gjer i dag, så eg tykkjer vi har oppnådd veldig mykje med å ha stabilitet og liten vekst, seier Melvær.

Bremangersambandet var fullført i mai 2013, og vegen frå Bremangerlandet til Svelgen vart korta ned med 40 kilometer.

Ser positive tendensar

Ifølgje tal frå SSB har innbyggjartalet gått ned med 20 personar. Varaordførar Nina K. Grotle i Bremanger kommune vektlegg at kommunen i større grad har blitt samla etter fastlandssambandet vart ein realitet.

– Vi ser ein positiv tendens. Både barnefamiliar og unge pensjonistar flyttar til bygdene våre, og det er ein ressurs for nærmiljøa. Pendlarmoglegheitene er også mykje betre, spesielt sørover, seier Grotle.

Oppedal meiner fastlandssambandet har gjort det enklare for innbyggjarane i kommunane.

– For folk flest er det fantastisk å vite at ein kan komme og reise når ein vil, utan å måtte tilpasse seg ferjer. Det vert ein heilt annan kvardag, seier Oppedal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune