Hopp til innhold

- I dag flaggar heile Gulen

"Brandangersundbrua sin far" fekk sjå teikningane hans frå studietida verta til Noregs største bru i sitt slag.

- Ideen fekk eg då eg var student, og har arbeidd mykje med den sidan, seier Per Tveit, opphavleg frå Holmedal.

- Billeg bru

Buss over Brandangersundbrua

Den fyrste bussen over Brandangersundbrua

Foto: Vegard Foseide / NRK

Brandangersundbrua er ei bogebru med kryssande hengestenger. Det vert den tredje brua i sitt slag i Norge, og den suverent største i sitt slag.

Les også: Unik bru er opna for trafikk

Les også: Løfta på plass Norges største

Les også: Brandangersundbrua truleg klar 2010

- Du har desse kryssande hengestengene mellom boge og brubane, og det gjev lite bøying mellom boga og brubanen. Då kan ein spara halvparten av stålet i høve andre bruer, og det vert billigare, seier Tveit.

- Eg har høyrd at den må stemmast som eit instrument for ikkje å svaie?

- Nei, det er noko tull.

Etter opninga skulle turen gå over Brandangersundbrua til festlunsj for innbedne gjester på Skjerjehamn.

- Eg skal visst få lunsjen gratis, trur eg, seier Tveit.

- Knyt saman nesten ein heil kommune

Trude Brosvik

Trude Brosvik under opninga av Brandangersundbrua

Foto: Vegard Foseide / NRK

Det heile starta klokka 11 torsdag, og fylkesordførar Nils R. Sandal opna brua. Henning Rivedal var konferansiér, og ein av talarane var gulenordførar Trude Brosvik.

- I dag flaggar ein nok på Byrknes, og innover i kommunen også. Det er glede og framtidstru på ein slik dag. Øyene i Gulen er nesten like store til saman som Solund kommune, så det er nesten ein kommune som vert knytt saman i dag, seier Brosvik.

Den nye brua gjev fastlandssamband til 700 personar. Brosvik ser også sitt snitt til å reklamera for busetjing på øyene i Gulen.

- Det er masse fine tomter og nydeleg flott der ute. Så no er det berre å busetja seg der, så kan ein jobba på Sløvåg, Mongstad eller kvar som helst, eigentleg.