Hopp til innhold

Handelsoptimisme på begge sider

På begge sider av Dalsfjorden merkar handelsstanden at noko har endra seg. Brua over fjorden har gjort reiseavstanden mellom dei to kommunane kortare, og det er mange som «tek turen».

Inger Johanne Loftheim

OPTIMISME: Er det som pregar handelsstanden etter bruopninga, seier Inger Johanne Loftheim på 'Delikatessen'.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Eg trur vi har bytta innbyggjarar i ein periode. Eg har aldri før sett så mange ukjente fjes her før, seier Inger Johanne Loftheim.

Ho driv Askvoll Sjømat og Delikatesser og har hatt sitt fulle hyre med å betene svoltne kundar frå Dale og Hyllestad dei siste vekene..

Etter at Dalsfjordbrua opna i midten av desember har handelsstanden merka seg ein veldig optimisme. Dei får nemleg stadig innom nye kundar.

– Det er tydeleg at folk på begge sider har vore nysgjerrige på kvarandre sine bygder, seier Loftheim.

Merkar at det er lettare reise til og frå

Etter 40 års kamp opna endeleg brua som bind Askvoll og Fjaler kommune saman på ein heilt annan måte. No treng ikkje innbyggjarane lenger bry seg med rutetabellen på ferja, no kan dei setje seg i bilen når som helst og ta turen til nabokommunen.

Og det merkast. I Askvoll har Inger Johanne Loftheim hatt mange nye fjes innom butikken dei siste vekene.

– Folk er veldig glade for at brua er her, og alle snakkar om dette med at det berre er å «ta turen», seier ho.

– No treng dei ikkje vente på ferja, og planlegge når dei skal reise tilbake, legg ho til.

Også for sjømatbutikken hennar som på folkemunne går under «Delikatessen» opnar brua for andre moglegheiter. Før har dei til dømes måtte seie nei til catering-oppdrag fordi dei ikkje rakk den siste ferja heim. No er det slutt på det.

Frida Melvær på "Delikatessen" i Askvoll

POPULÆR: Askvoll-ordførar Frida Melvær gler seg over at handelsstanden i kommunen merkar fordelar av brua.

Foto: Gro Ravnestad / NRK
Oddleif Jarstein på blomsterbutikken i Dale

NYE FJES: Oddleif Jarstein på blomsterbutikken i Dale har fått mange nye fjes innom etter bruopninga i desember.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– For del opnar brua for ein del nye moglegheiter på den måten, seier ho.

– No vil folk heim

Askvoll-ordførar Frida Melvær er ein flittig gjest på «Delikatessen», og er innom også denne fredagen. Ho gler seg over at handelsstanden merkar at brua gir nye kundar.

– Det er veldig kjekt å sjå at handelsstanden fortel om meir kundar, seier ho.

Kommunen har også merka optimisten på andre måtar, stadig fleire søkjer om plass i barnehagen.

– Vi får veldig mykje telefonar frå folk som vil flytte heim til Askvoll. Dei vil etablere seg, og vil heim. Det merkar vi også på at talet på søknader til barnehagane er sterkt aukande, seier ho glad.

Trur det vil halde fram

På andre sida av Dalsfjorden, i Dale, har også Oddleif Jarstein fått fleire nye kundar. Han driv blomsterbutikken i Dale, og legg ikkje skjul på at brua har vore positiv for kommunen.

– Den har vore veldig positiv for heile Dale, her er mange nye fjes, seier han.

Han trur ikkje dette er eit blaff, men kjenner seg trygg på at nærleiken mellom dei to kommunane vil kome handelsstanden til gode i lang tid framover.

– Dette kjem til å halde fram. Kanskje ikkje så mykje som akkurat den siste tida, men dette blir ein region som kjem til å merke oppgang, seier Jarstein.

– Meir samansveisa

Inger Johanne Loftheim på «Delikatessen» i Askvoll trur folk i dei to kommunane vil få meir med kvarandre å gjere.

– Eg trur vi blir meir samansveisa no, og eg merkar optimismen blant folk. Folk tenkjer at dei vil leggje att pengar i eiga bygd, men også i den andre bygda. Kanskje greier vi stoppe handelslekkasjen til andre stader, seier ho.

Opning av Dalsfjordbrua

BRUOPNING: Mange prominente gjester var til stades då brua endeleg opna i midten av desember.

Foto: Alf Vidar Snæland