Hopp til innhold

Får ikkje midlar til omstilling

Departementet løyver ikkje ei krone ekstra for å oppretthalde sengepostar, ortopedien i Lærdal og jordmordstyrt fødestover ved lokalsjukehusa.

Clara Øberg og Harry Mowatt.

NY RUNDE: Styreleiar Clara Øberg og resten av Helse Førde-styret får inga drahjelp frå departementet til å følgje opp krava til regjeringa sin vedtekne sjukehusstruktur.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Utrekningar gjort av helseføretaket viser at det vil koste mellom 50 og 100 millionar kroner å følgje opp regjeringa sin vedtekne sjukehusstruktur .

- Det er utaktuelt å gje ekstraløyving. Sjukehustenestene i Helse Førde har no blitt noko betre tilpassa folketalet. Så må Helse Vest og Helse Førde i samarbeid finne ut korleis dei skal kome i mål økonomisk, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Tord Dale (Ap) til avisa Firda.

Kravde overføring

Styreleiar Clara Øberg har tidlegare kravd ekstramidlar for å følgje opp framtidas sjukehusstruktur . Helse Førde vedtok i fjor sommar å leggje ned ortopedi- og fødetilbodet både i Eid og i Lærdal.

- Vi har sagt kva vi har moglegheit til å drive innanfor våre rammer og det har vi vedteke i Helse Førde. Når Helse Vest og departementet har valt å gjere det annleis får det bli ein diskusjon mellom dei kven som skal ta prislappen, sa Øberg tidlegare i år.

- Dei tek diskusjonen

På føretaksmøtet med Helse Vest i dag reiste medlemene frå Helse Førde spørsmål om finansiering av meirkostnaden føretaket får ved modellen regjeringa legg opp til.

Øberg ventar at nokon andre enn Helse Førde må betale mykje av dette, men vil ikkje leggje seg opp i kven dette skal vere.

- Eg tenkjer at det er heilt sikkerte noko som departementet og Helse Vest vil diskutere. Dei er i ein situasjon der dei kan diskutere med departementet, medan vi berre kan diskutere med Helse Vest, seier Øberg til NRK.no.

Ikkje skuffa

Styreleiaren er verken skuffa eller overraska over bodskapen frå Dale. Ho viser til at departementet var tidleg på bana og velsigna omlegginga Helse Førde ynskte å gjennomføre.

Vedtaket i regjeringa er meir omfattande enn desse. Det er venta at den endeleg prislappen vil ligge føre allereie ved neste styremøte.

- No får vi sette oss ned og rekne eksakt på kva dette vil koste årleg. Så får vi gå i dialog om prislappen, seier Øberg.