Hopp til innhold

Helse Førde kan ikkje ta rekninga for fødetilbod i Eid og Lærdal

- Utan ekstramidlar frå staten blir det ikkje fødetilbod i Eid og Lærdal, seier styreleiar Clara Øberg i Helse Førde, som meiner dei ikkje kan ta ekstrakostnadane regjeringa legg opp til.

Clara Øberg

KVEN VIL TA REKNINGA?: Det vert store ekstrakostnadar i samband med fødetilbodet i Eid og i Lærdal - det kan ikkje Helse Førde betale, meiner Clara Øberg.

Foto: Bård Siem / NRK

- Eg er spent på kva dette vil koste, og vil legge fram den prislappen for departementet for så å høyre kven som vil ta den, seier Clara Øberg, styreleiar i Helse Førde.

- Må ha ekstramidlar frå staten

Adm. dir i Helse Førde, Jon Bolstad.

DYRT: Jon Bolstad i Helse Førde meiner regjeringsvedtaket medfører økonomiske utfordringar.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK
Oddvard Nilsen

VIL IKKJE SPEKULERE: Styreleiar i Helse Vest Oddvar Nilsen skal i føretaksmøte 28. april og vil vente med å spå kostnadar.

Foto: Helse Vest

Helse Førde vedtok i fjor sommar å leggje ned ortopedi- og fødetilbodet både i Eid og i Lærdal. Men regjeringa ville det annleis, og har pålagt Helse Førde å ha fødestover ved begge lokalsjukehusa og ortopedi i Lærdal.

- Vi må ha ekstramidlar direkte frå staten eller frå Helse Vest, seier Øberg.

- Vi har sagt kva vi har moglegheit til å drive innanfor våre rammer og det har vi vedteke i Helse Førde. Når Helse Vest og departementet har valt å gjere det annleis får det bli ein diskusjon mellom dei kven som skal ta prislappen, seier Clara Øberg.

Fordyrande regjeringsvedtak

Også administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde slår fast at regjeringsvedtaket medfører store økonomiske utfordringar.

- Det som er heilt klart er at dei økonomiske føresetnaden er endra i forhold til det som var den 18. juni 2010 då styret fatta sitt vedtak.

Bolstad stadfestar dermed at dette er fordyrande i høve til det Helse Førde vedtok.

- Ingen veit kor dyrt det blir

Styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest fortel at han skal i møte med departementet om saka den 28. april. Fram til då vil han ikkje spekulere i kor mykje dyrare dette vert.

- Det er fyrst etter føretaksmøtet vi veit konkret kva dette inneber, seier han.