Hopp til innhold

Pålegga kan koste 50-100 millionar

Sjukehustenestene som Helse Førde blir pålagde å behalde kan ha ein samla prislapp på mellom 50 og 100 millionar kroner i året.

Helse Førde styremøte

DYRE PÅLEGG: Clara Øberg og Helse Førde ønskjer ikkje å ta rekninga på ekstrakostnadane etter regjeringa sine pålegg.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Vi har fått godt dokumentert kva sjukehusdrifta kostar. Vi slo fast i juni kva tenestetilbod ramma vår gir rom for, og fekk aksept for det, seier styreleiar Clara Øberg i Helse Førde til avisa Firda.

Ifølgje styreleiaren kostar tenestene helseføretaket er pålagt å behalde ved lokalsjukehusa mellom 50 og 100 millionar kroner. Og den rekninga er ikkje Helse Førde interessert i å betale.

Mindre enn kutta Helse Førde ønskte

Regjeringa bestemte seg i starten av april for å redusere fødetilbodet i Lærdal, medan dei vil fjerne fødeavdelinga i Nordfjord og erstatte denne med ei jordmordstyrt fødestove.

Samstundes har Helse Førde fått pålegg om å behalde medisinske sengepostar ved begge lokalsjukehusa, ortopedien i Lærdal og laboratorie- og røntgenfunksjonar.

Kutta er langt mindre enn det Helse Førde sjølv har lagt opp til.

Orienterer om prognosane i dag

Øberg orienterer under dagens styremøte i Helse Førde om dei førebelse økonomiske prognosane etter sjukehusvedtaket. Konklusjonen vil vere at innsparingseffekten av å samle tenester blir mindre enn først planlagt.

LES OGSÅ:

Det kjem etter at Helse Førde har snudd eit underskot på 150 millionar til drift i økonomisk balanse.