Hopp til innhold

Må betale etter graving i kulturminne

Lærdal kommune får 200.000 kroner i bot etter at dei utan løyve grov i eit freda kulturminne på Håbakken i fjor.

Lærdal

SØKTE ALDRI OM LØYVE: Lærdal kommune søkte aldri om løyve til å grave på denne marka på Håbakken.

Foto: NRK-TIPSAR

– Eg tykkjer det er leitt det som har skjedd, og vi tek bota til etterretning, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Det var mot slutten av 2017 at kommunen grov ei lang og djup grøft i eit freda område som ligg inne i kommunen sin kulturminneplan. Tilbake på 90-talet blei det registrert viktige funn frå ein over 1000 år gamal busetnad på marka der det blei grave.

Blei ikkje varsla

Kommunen søkte aldri dei rette instansane om løyve. Kulturavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune blei heller aldri varsla. Den uheldige gravinga blei tipsa inn til kulturavdelinga til fylkeskommunen, som igjen tok kontakt med kommunen. Det heile skjedde då kommunen skulle kople til eit vatn- og avløpsanlegg på Håbakken til prestegarden på Tønjum.

I førelegget frå Vest politidistrikt står det at handlinga var eigna til å skade restar etter ein forhistorisk busetnad.

– Dette er ei såpass alvorleg sak at politiet har vald å gi oss ei bot. Vi er ein kommune, og vi skal ikkje gjere slike ting, seier Solheim.

Han seier det no er opp til politikarar og rådmann om saka får fleire følgjer.

– Det må vi sjå på no, for det snakk om svikt i rutinar, lovar og reglar. Slik skal det ikkje vere.

Tykkje bota er stor

Kommunen har no fem dagar på å vedta bota eller ikkje. Ordføraren tykkjer beløpet er stort, men seier han er innstilt på å godta den.

– Min intensjon er at vi godtek bota, så får vi handtere det internt. Politiet seier vi har gjort ein formell feil. Men vi veit ikkje om vi har øydelagd noko, og eg lurer på om det er ein konklusjon på det.

Han har no meldt inn saka til formannskapet som skal ha møte 19. juli.

– Der skal vi drøfte saka og sjå på kva som har skjedd. Vi må sjå på regelverket vårt og korleis vi handhevar det. Vi må ta lærdom, og det skal ikkje skje igjen. Kommunen er oppteken av kulturen og historia vår, så dette legg eg meg heilt flat for, seier Solheim.

Også rådmann Arne Johansen seier at kommunen ser alvorleg på saka.

– Vi har gjort grep organisatorisk som skal gjere at kommunikasjonen mellom dei aktuelle instansane flyt betre. Dette vil vi jobbe vidare med for å forhindre at noko slikt skjer igjen.