Hopp til innhold

Kommune kan ha øydelagt over 1000 år gamle kulturminne

I Lærdal blei det grave i eit freda kulturminne utan at nokon søkte om det. No kan uerstattelege minne vere borte.

Lærdal

SØKTE ALDRI OM LØYVE: Lærdal kommune søkte aldri om løyve til å grave på denne marka på Håbakken.

Foto: NRK-TIPSAR

– Det var ein særs uheldig glipp. Vi håper vi ikkje har øydelagd noko, seier Alf Magne Hjellum, som er leiar for tekniske tenester i Lærdal kommune.

På Håbakken i Lærdal grov kommunen ei lang og djup grøft i eit freda område som ligg inne i kommunen sin kulturminneplan. Tilbake på 90-talet blei det registrert viktige funn frå ein over 1000 år gamal busetnad på marka der det blei grave.

Kommunen søkte aldri dei rette instansane om løyve. Kulturavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune blei heller aldri varsla.

– Dette er sånne ting som ikkje skal skje. Prosessen med søknaden har stogga på eit eller anna tidspunkt. Årsaka veit vi ikkje. Vi har vore i den tru at dette har vore i orden, seier Hjellum.

Fylkeskommunen fekk inn tips

Den uheldige gravinga blei tipsa inn til kulturavdelinga til fylkeskommunen, som igjen tok kontakt med kommunen. Det heile skjedde då kommunen skulle kople til eit vatn- og avløpsanlegg på Håbakken til prestegarden på Tønjum.

– Fokuset var å få på plass vatn til jul, og ikkje på kva som kunne ligge i marka av kulturminne, seier Hjellum.

Han kryssar fingrane for at gravinga ikkje har øydelagt nokre uerstattelege kulturminne.

– Det skal ikkje skje. Vi veit ikkje om noko er øydelagt enda, så vi får håpe på det beste, seier han.

Fylkeskonservator Eva Moberg seier det er uheldig dersom kulturminne er råka av gravinga, og seier fylkeskommunen no vurderer korleis dei skal handtere saka vidare.

Lærdal kommune går no gjennom rutinane sine.

– Vi må sjå korleis søknaden stoppa opp, og sette i gang tiltak for at dette ikkje skal skje i framtida, seier Hjellum.