Hopp til innhold

Fannemel med årsbeste - håpar på Hoppvekebillett

Anders Fannemel klinte til med ein 10. plass under verdscuprennet i Engelberg laurdag. Med ei liknande plassering i søndagens renn, håpar han billetten til Hoppveka skal vere innan rekkjevidd.

Anders Fannemel imponerte stort i hoppbakken. Kommentatorer: Arne Scheie og Espen Bredsen

KLINTE TIL: Anders Fannemel tok sesongens beste plassering då han hamna på 10. plass i Engelberg i dag.

– Det kjennest utruleg bra. Endeleg hoppa eg bra i begge omgangane, seier honndølen, etter eit førstehopp på 129,5 meter og eit andrehopp på 134 meter.

Han er inne i det som må kunne kallast ei skjebnehelg med tanke på billett til Hoppveka.

Sju mann kjempar om å komme på laget til den tysk-austerrikske hoppveka. Men Norge har berre seks plassar. Dermed er det éin mann som ikkje får reise.

Gjorde godt for sjølvtilliten

Fannemel har hatt ein litt trå start på sesongen, og ikkje fått det heilt til å klaffe i viktige renn. Før rennet i Engelberg var beste plassering i verdscupen ein 17. plass.

– Eg har ikkje fått det heilt til å stemme tidlegare i år. Dette var eit viktig renn, og det gjorde godt for sjølvtilliten, seier Fannemel.

I morgon er det nye sjansar, og Fannemel har tru på at han også då kan få syne kva han er god for.

– Vi har hatt ei veke i Oberstdorf no, der eg følte ting fall litt meir på plass. Eg føler at eg veit kva som må til, seier Fannemel.

Måndag vert det klart kven som får billett til den tysk-austerrikske Hoppveka, men det prøver Fannemel å ikkje tenkje så altfor mykje på.

– Eg prøver å konsentrere meg om å ta eitt renn om gongen. Det er berre det som hjelper, seier Fannemel.

Sugen på billett til Hoppveka

Men han er klar på at dei tre store måla denne sesongen er Hoppveka, VM i skiflyging og OL i Sochi. Og skal han framleis få bli med i det gode selskap, må det leverast.

– Hoppveka er jo det tredjestørste som skjer i vinter, og det er vel dét det er knytt størst prestisje til. Så det er klart eg vil dit, seier Fannemel.

Han hugsar godt då han var der i fjor. Då klaffa det ikkje heilt, og han hamna på ein 18. plass samanlagt. Men minna er likevel gode.

– Det var ein utruleg trøkk og ei kjempeoppleving, seier Fannemel.

No skal han bruke kvelden på å tømme hovudet og vere klar til søndagens renn.

– Det blir ein joggetur, og så ei god natts søvn. Så får vi sjå i morgon. Eg håpar på å komme blant topp ti då også, seier Fannemel.

– Er Hoppveka i boks då?

– Det hjelpe iallfall godt, seier Fannemel.

Rekk ein snartur heim til jul

Får han tur til Hoppveka, vert det ein usannsynleg kort juleferie på honndølen. Han landar på Gardermoen måndag 09.30. Der skal det vere pressekonferanse med uttak til Hoppveka. Så ber det heim til ho mor i Hornindal.

– Då dreg eg rett heim, ja. Men det blir kort juleferie. Eg dreg tilbake til Lillehammer andre juledag, og så blir det vidare til Hoppveka 27. desember, seier Fannemel.

Men travle tider, betyr gode tider.

– Det er jo det eg vil, å få hoppe mest mogleg. Men pinnekjøt på julaftan er obligatorisk, og eit stort høgdepunkt, ler Fannemel.

Akkurat på julaftan får vekt vere vekt.

– Det er berre julaftan éin gong i året, seier Fannemel.

Kvalifiseringa til rennet søndag startar 12.15. Rennstart er sett til klokka 14 søndag.