Hopp til innhold

Bomma på prøvehoppet - men klinte til med andreplass i kvalifiseringa

Anders Fannemel var uroa etter at han så vidt karra seg over kulen i dagens prøveomgang i Klingenthal. Men det endra seg raskt då kvalifiseringa var i gang.

Anders Fannemel

GLER SEG: Anders Fannemel ser fram til laghoppinga laurdag.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det var ein god start på sesongen. Dette ser veldig bra ut, seier Fannemel.

I kvalifiseringsrunden hamna han på andreplass bak polske Piotr Zyla, og rett framfor Dawid Kubacki, også frå Polen.
Men før rennet var han litt uroa. For i prøveomgangen var det lite oppdrift å spore hjå honndølen.

– Eg var litt overraska. Eg fekk ein smell i trynet etter første hoppet, då eg berre hoppa 102 meter og måtte berre vinke meg ned på kulen. Men det var godt å få til to gode hopp etterpå. Det var kjekt, seier Fannemel.

Har bra kontroll på teknikken

Han følte kroppen gav dei svara han var på jakt etter, og tolkar signala positivt.

- Det seier at eg har nådd eit nivå som held bra i verdscupen akkurat no. Det seier også at eg har bra fysisk form og bra kontroll på teknikken, så det var utruleg godt å få slike svar i bakken i dag, seier Fannemel.

Han er spent framfor sesongens første lagkonkurranse på snø i vinter.

- Det blir spennande. Eg håpar at vi får til nokre gode skihopp. Det er endå viktigare når vi hoppar på lag. Eg gler meg, seier Fannemel.

Han går ei travel tid i møte, med renn omtrent kvar einaste helg så langt auga kan sjå.

- Det går i grunn slag i slag fram til mars, så det blir ein lang sesong, forhåpentlegvis, seier Fannemel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Fannemel trenar spenst framfor sesongopninga. Alle testar tyder på at han ligg betre an enn nokon gong før OL-sesongen.

BETRE PÅ ALT: Anders Fannemel har gjort det betre på alle testar i år, samanlikna med i fjor. Foto: Rune Fossum

Håpar å vere meir stabil

Også i fjor starta Fannemel sesongen bra, og han håpar han klarar å gjere det same i år.

- Eg håpar eg skal vere meir stabil denne vinteren, så det blir spennande, seier Fannemel.

Han har betra seg på alle felt sidan sist sesong, og føler han er i ferd med å få utteljing for nettopp det.

- Eg har hatt fokus på å få til masse stabil, god skihopping i sommar. Eg har kanskje mangla litt til toppnivået. Eg har konsentrert meg om dei små detaljane eg har måtte jobbe med, samt auka den fysiske biten, seier Fannemel.

Men andreplassen i dag var viktig for sjølvtilliten, det legg han ikkje skjul på.

- Det er bra for sjølvtilliten. Og så veit eg at eg var heldig med tilhøva i dag. Men eg satsar på å få til gode skihopp, og så håpar at det blir betre og betre utover vinteren, seier Fannemel.