NRK Meny
Normal

Fagrapport om Naustdalssaka: – Dei har vore omsorgsfulle foreldre

Foreldra har vore audmjuke og lærevillige og har gjennomgåande god omsorgskompetanse. Dette er konklusjonen i den sakkunnige rapporten om naustdalsforeldra, ein rapport som barnevernet i Naustdal prøvde å stoppe.

Barnevugge

GOD OMSORGSEVNE: Det norskrumenske foreldreparet i Naustdal, som vart fråtekne dei fem barna sine gjennom eit akuttvedtak, har gjennomgåande god omsorgskompetanse, heiter det i den sakkunnige rapporten (illustrasjonsfoto).

Foto: Scanpix / NTB scanpix

NRK har fått innsyn i den 64 sider lange rapporten som er utarbeidd etter krav frå retten.

Rapporten er laga for å kaste lys over det norskrumenske foreldreparet sin omsorgsevne overfor dei fem små barna sine. To røynde psykologar har utarbeidd rapporten.

Dei kristne foreldra er tiltalte for oppdragarvald og dei fem barna vart flytta over i fosterheim. Saka har skapt omfattande protestaksjonar både nasjonalt og internasjonalt. Ulike internasjonale media har brukt saka som døme på kor ille norsk barnevern kan vere.

Angrar på klaps

Etter ei avgjerd i tingretten trekte kommunen saka, og borna fekk flytte heimatt til foreldra etter eit halvt år. Avgjerda bygger i stor grad på nettopp denne sakkunnige rapporten.

Foreldra vedgår at dei har klapsa ungane som ein del av oppdraginga, noko dei i rapporten fortel at dei angrar sterkt på.

Sa nei til fosterheim

Barnevernet i Naustdal ville at alle barna skulle flyttast over i permanent fosterheim, noko dei to sakkunige psykologane er sterkt usamde i.

NRK kan no for første gong legge fram fagfolka sine avgjerande vurderingar.

Frå konklusjonen i rapporten: «Foreldrene har gjennomgåande god omsorgskompetanse. Ingen av foreldrene tror på hensiktsmessigheten av fysisk grensesetting i oppdragerøyemed. Vi har dokumentert at far har endret holdning til irettesettelse, og vi er rimelig sikre på at far aldri har vært tilhenger av straff som oppdragelse».

Et omsorgstilbud i det offentlige vil være en vesentlig forringelse av omsorgstilbudet som foreldrene representerer.

Sakkunnig rapport

Foreldra vart testa

Det går vidare fram at dei sakkunnig på ulike måtar har testa foreldra. Dette med bakgrunn i ulike dokument som tyda på at foreldra framstår som rigide og ufeilbarlege.

Frå rapporten: «Vi fant noe annet. Ydmyke og lærevillige foreldre som satte barnas behov over sine egne, og en dynamikk i parforholdet der de nå støtter hverandre for å etablere en mer inkluderende praksis i omsorgen for sine barn».

Fryktar ikkje vald

Dei sakkunnige fryktar ikkje at barna skal bli utsette for meir vald og meiner fosterheim ikkje vil vere det rette.

Frå rapporten: «De sakkyndige vurderer ikke dette som nødvendig for å sikre barna mot vold eller andre sider ved omsorgssvikt. Et omsorgstilbud i det offentlige vil være en vesentlig forringelse av omsorgstilbudet som foreldrene representerer».

Til slutt heiter det: «Etter en samlet vurdering mener de sakkyndige at barnas omsorgsbehov i overskuelig fremtid vil bli best dekket ved at de alle sammen flytter tilbake til foreldrehjemmet».

De sakkyndige vurderer ikke fosterhjem som nødvendig for å sikre barna mot vold eller andre sider ved omsorgssvikt.

Sakkunnig rapport

Advokat Ragnhild Torgersen

Advokat Ragnhild Torgersen stiller seg svært undrande til at Naustdal kommune prøvde å stoppe den sakkunnige rapporten som konkluderte med at foreldra hadde god omsorgskompetanse.

Foto: NRK

Overraska advokat

Foreldra sin advokat, Ragnhild Torgersen, fortel at ho fekk ei kjensle av at barnevernet i Naustdal ikkje ville bidra til at saka vart breitt opplyst.

– Vi meiner det er merkeleg at motparten meinte rapporten ikkje i det heile skulle vere med i saka. Det var overraskande for oss, seier ho.

Det er merkeleg at Naustdal kommune ikkje ville bidra til at saka vart breiast mogleg opplyst.

Advokat Ragnhild Torgersen

Torgersen meiner konklusjonen i rapporten er presis og god.

– Rapporten viser det vi har hevda over lang tid, at dei er omsorgsfulle og gode foreldre, seier ho.

Men det går også fram i rapporten at dei vedgår å ha utøvd oppdragarvald?

– Ja, dette har det vedgått og angra på frå dag ein. Dei aller fleste sakkunnige vil hevde at ein kan ha ei slik erkjenning, endre seg og vere gode foreldre, seier ho.

Det vi var uroa over med den sakkunnige rapporten var dei sakkunnige si bagatellisering av valdsproblematikken.

Kommuneadvokat Roar Vegsund

Meiner dei sakkunnige var ugilde

Kommuneadvokat Roar Vegsund i Naustdal fortel at kommunen prøvde å stoppe rapporten fordi dei meiner begge dei sakkunnige var ugilde i saka. Kommunen meiner den eine var ugild fordi vedkomande hadde uttalt seg om familievaldsproblematikk i media. Kommunen hevdar den andre var ugild fordi dei meiner vedkomande hadde gått ut med konklusjonen i saka før rapporten var ferdig.

Men dette er to røynde fagfolk og Naustdal stolar ikkje på dei i denne saka. Er ikkje det merkeleg?

– Då vi prøvde å avskjere rapporten var det på eit formelt grunnlag, seier han.

Vegsund viser til at dette ikkje har noko med om dei stolar på dei sakkunnige eller ikkje.

Men dette er ein rapport der det blir konkludert med at barna har gjennomgåande god omsorgsevne og at det blir vist til at barna vil få det best saman med foreldra sine. Prøvde de å stoppe rapporten fordi de ikkje likte konklusjonen?

– Nei, dette var positive signal som gav grunnlag for ein seinare samarbeidsavtale med foreldra. Det vi var uroa over med den sakkunnige rapporten var dei sakkunnige si bagatellisering av valdsproblematikken, noko som er det sentrale i denne saka. I ettertid ser vi også at det er teke ut ein alvorleg tiltale mot mor og far, seier Vegsund. Han legg til at akuttplassering av barna vart godkjend både fylkesnemnda for barnevernssaker og av tingretten.

Angrar de på at de prøvde å stoppe denne rapporten?

– Nei, det gjer vi ikkje. I begge tilfelle der det var påstått ugildskap, meiner vi det var slik.

Sett i ettertid, tar Naustdal kommune sjølvkritikk i denne saka?

–Nei, det gjer vi ikkje.

Den norskrumenske familien flytta i sommar til Romania, mykje på grunn av at dei har følt seg sterkt trakasserte av barnevernet i Naustdal. Naustdal kommune har heile tida avvist kritikken.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser