Hopp til innhold

Forstår at familien og barnebarna måtte forlate landet

– Barnevernet si trakassering gjorde det umogleg for familien å bli buande i Naustdal. Det heile er frykteleg trist.

Besteforeldrene forstår ikkje barnevernssaka i Naustdal.

FORTVILA: Besteforeldra er fortvilte over at foreldra følte seg så trakasserte av barnevernet at dei måtte å ta med seg barna og flytte til Romania. Samtidig har dei full forståing for avgjerda deira. Her ser besteforeldra på ein kalender med bilete av ungane.

Foto: Bård Siem / NRK

Det seier bestefaren til dei fem barna frå Naustdal. Det norskrumenske foreldreparet valde sist veke å ikkje ta med seg dei fem barna tilbake frå ferie i Romania. Dette fordi dei i lengre tid har følt seg sterkt trakasserte av barnevernet i Naustdal.

– Foreldra hadde dessverre ikkje noko val. Den langvarige trakasseringa frå barnevernet gjorde det umogleg å fungere som familie. Det heile er frykteleg trist, seier bestefaren.

Fekk ungane tilbake

Det var i november i fjor at barnevernet troppa opp og tok dei fem barna ut heimen til dei kristne foreldra, som fram til i sommar budde på eit gardsbruk i ei bygd i Naustdal. I det same gardstunet bur besteforeldra som hadde jamleg kontakt med barna.

Foreldra er tiltalte for vald mot barna, som vart plasserte i tre ulike fosterheimar. Men etter ei rettsavgjerd i byrjinga av juni i år fekk foreldra ungane tilbake.

Heile prosessen har vore ei frykteleg belastning for foreldra og barna.

Bestefaren

Strid om avtale

Foreldra meiner barnevernet har brote ein inngått avtale mellom dei og barnevernet, ein avtale der barnevernet skulle ha ei tilbaketrekt og koordinerande rolle. I staden kom det folk frå barnevernet inn i heimen deira i tide og utide, hevdar foreldra.

Dei følte dette så øydeleggjande for familielivet at dei valde å flytte til Romania.

– Rettsavgjerda som gav barna tilbake til familien viser at barna aldri skulle vore tekne ut av familien. Og når foreldra endeleg får ungane tilbake, får dei ikkje fred frå barnevernet då heller. Heile prosessen har vore ei frykteleg belastning for foreldra og barna. Det heile er så gale at eg har ikkje ord, seier bestefaren.

Ungane hadde det så trygt og godt her. No er alle borte.

Bestemora

Trampolinen står ubrukt

Familien skulle ta over gardsdrifta, men no er alt uvisst.

– Ungane hadde det trygt og godt her. No er alle borte. Det er vondt, seier bestemora.

Sjølv om besteforeldra er fortvilte, meiner dei den viktigaste sigeren vart vunnen då foreldra fekk ungane tilbake.

– No han dei leve i fred og harmoni, utan frykt for at barnevernet skal øydelegge. Det er det aller viktigaste. Får familien det bra i Romania, får også vi fred, seier besteforeldra.

Vi tek ikkje sjølvkritikk i denne saka.

Øyvind Bang-Olsen

Avviser kritikken

Rådmann i Naustdal Øyvind Bang-Olsen under debatten

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, avviser kritikken frå besteforeldra. Barnevernet har følgt vanlege prosedyrar i slike saker, seier han.

Foto: NRK

Rådmannen i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, avviser kritikken frå besteforeldra.

– Vi kjenner oss ikkje igjen og kan ikkje sjå at vi har trakassert nokon. Vi har heller ikkje brote avtalen som er inngått. På generelt grunnlag kan eg seie at det er ikkje uvanleg at ein har hjelpetiltak i heimen.

Retten slo fast at barna skulle førast tilbake. Viser ikkje dette at det var feil å ta barna ut av heimen?

– Vedtaket om akuttplassering vart stadfesta i to rettsinstansar. I enkelte saker er det nødvendig med akuttplasseringar.

– Så du ser ingen grunn til å ta sjølvkritikk på vegner av barnevernet?

– Vi tek ikkje sjølvkritikk i denne saka.