NRK Meny
Normal

Etterlyste nye vegprosjekt i møte med samferdsleministeren

Fylkesordførar Jenny Følling etterlyste nye prosjekt på E39 i Sogn og Fjordane og pengar til Strynefjellet og Vikafjellet då ho møtte samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Jenny Følling og Ketil Solvik-Olsen

VIL HA FLEIRE VEGPROSJEKT. Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) har vore i møte med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om innspel til Nasjonal Transportplan.

Foto: Montasje: Máret Eli Buljo/Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ingen nye prosjekt i fylket er med i Nasjonal transportplan, og på møtet bad Følling statsråden om at dette må rettast på.

– Eg tykte han var lyttande og vi fekk bere fram bodskapen vår. Det er store bindingar i Nasjonal Transportplan, men det er bra at ein har lagt opp til å ta etterslepet på riksvegnettet, men vi krev at det same må vere tilfelle på fylkesvegnettet, seier Følling.

Fangar ikkje opp behov

I Nasjonal Transportplan er det ikkje lagt opp til at det vert starta opp nye prosjekt i Sogn og Fjordane. Det er fordi ein skal rangere prosjekta etter kost – nytte faktoren.

– Den faktoren fangar ikkje opp distrikta sine transportbehov, og den totale samfunnsnytten av å bygge dei ut, seier Følling.

I møte med Solvik-Olsen var ho tydleg på at denne måte å rekne på har ført til at alle nye prosjekt på E39, pluss den milliarden som låg inne på E39 har falle ut. Det har også pengane som låg inne til Vikafjellet og Strynefjellet.

Utbetring av E39

Samanhengande utbetring av E39 gjennom Sogn og Fjordane var eit anna viktig og konkret prosjekt, som Følling tok opp med ministeren.

– At ein no følgjer opp den planen som ligg i ein rusta opp ferjefri E39. Det andre hovudinnspelet var at når ein skal lande konseptvalutgreiinga aust – vest, så landar ein den over Hemsedal. Det er ei løysing som vil tene heile Vestlandet.

– Kva tilbakemeldingar fekk de frå ministeren?

– På slike innspelsmøte er det vanskeleg å få tilbakemeldingar. No samlar dei innspel som dei skal ha når dei skal setje seg ned og prioritere prosjekt i Nasjonal Transportplan, seier Følling.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen