– Det var i høgste grad eit løftebrot.
På ordførarkontoret i Vik kan Olav Turvoll framleis kjenna på harmen, no ved starten på den store valkampen før stortingsvalet i september.
Ordføraren tenkjer fire år tilbake:
- Juni 2013: Dei raudgrøne partia vedtok å byggja ein etterlengta tunnel gjennom det verutsette og hyppig stengde Vikafjellet innan 2023 og sette av 100 millionar kroner i oppstartspengar.
- Juni 2013: For seint og for lite, sa både Høgre, Frp og KrF, som då var i opposisjon. Alle tre partia lovde å skunda fram byggjestarten til før 2018 viss dei fekk makta.
- Frp og Høgre kom i regjering, med KrF som støtteparti. Saman hadde trioen fleirtal på Stortinget.
Men då Regjeringa la fram Nasjonal transportplan i april, var tunnelbygginga ikkje skunda fram. Partia hadde derimot kasta tunnelen ut av vegplanane for dei neste 12 åra.
Det blei ein svart dag for folk i Vik.
Ei klype salt
Ein månad før stortingsvalet sit valløfta igjen laust i alle dei politiske partia, som ei dyr bru, fleire toalett langs vegane våre eller løfte om at alle ektefelle og sambuarar skal få bu saman også etter at dei blir pleietrengande.
Forskar Signe Bock Segaard ved Institutt for samfunnsforsking vil ikkje kommentera desse løfta konkret, men meiner på generelt grunnlag at veljarane må ta vallovnadar frå folkevalde med ei klype salt:
– Eit valløfte er uttrykk for korleis dei ønskjer å styra landet viss dei hadde hatt makta åleine, men slik er ikkje den politiske verkelegheita. Ho er prega kompromiss, og det må veljarane òg ta høgde for.
Forenkla standpunkt
Det er uvisst kva parti som blir med i regjering etter stortingsvalet – anten ho har Ap eller Høgre som det største partiet. Og mange av partia sine valløfte kan bli ofra i forhandlingsstrevet for ei regjeringsplattform.
I tillegg må partia generalisera dei politiske standpunkta sine slik at dei blir tydelege for alle, i heile landet, seier Bock Segaard.
– Tydleggjeringa skal gjera det enkelt å forstå om det er ja eller nei, om partiet er for eller imot, og der forsvinn på mange måtar også den politiske verkelegheita og det som kan vera realiteten lokalt.
«Lovar i dyre dommar»
Ordførar Turvoll er ein erfaren lokalpolitikar for Senterpartiet og veit litt om kva ein politisk hestehandel er, men historia om Vikafjellstunnelen handlar om noko anna, meiner han:
– I dette tilfellet var det tre parti – to i regjering og eit støtteparti – som gjekk for det same, ei framskunding av Vikafjellstunnelen. Og så gjer dei det stikk motsette. Då snakkar me om eit løftebrot.
Ingen i Samferdselsdepartementet kunne stilla til intervju, men i ein e-post til NRK skriv statssekretær Reynir Johannesson (Frp):
- «Vi skal jobbe videre med Vikafjell og finne en best mulig løsning. Vi oppfatter klart ønske om en bedre vei fra Vik til Bergen. I vår NTP har vi prioritert E16 Arna-Voss med 14,5 milliarder kroner. Det er en lang og viktig del av strekningen Bergen-Voss-Vik.»
I Vik var forhåpningane store etter stortingsvalet i 2013. No er veljarane blitt meir skeptiske til valløfta. Grunnen er tunnelvrakinga, som i vår fekk Agnar Dregelid til å rista på hovudet:
– Dette er tragisk. Her lovar politikarane i dyre dommar, og så er tunnelen ute berre ved eit pennestrøk.