Hopp til innhold

Slutt på å levere kartongmjølk frå Tine på Byrkjelo

BYRKJELO (NRK): Tine meieri har bestemt seg for å legge ned all produksjon av konsummjølk ved Tine sitt anlegg på Byrkjelo.

Tine Byrkjelo

SLUTT PÅ MJØLK: Tine sitt anlegg på Byrkjelo skal ikkje lenger levere mjølk på kartong.

Foto: NRK

Tine meieri har bestemt seg for å legge ned all produksjon av konsummjølk på Byrkjelo. Det vart alle dei tilsette orienterte om på eit allmøte i dag. Det betyr at 20 årsverk vert lagt ned. Totalt er det 160 årsverk ved anlegget på Byrkjelo.

– Det som er hyggeleg er at vi veks veldig mykje på kvitost og 20 av dei tilsette er i ein omstillingsprosess der vi har tatt oss god tid til å finne gode omstillingsløysingar. Samstundes er det uheldig at dei tilsette kjenner uro rundt eigen arbeidsplass seier Øyvind Boiesen i leiargruppa i TINE.

Øyvind Boiesen

OMSTILLING: 20 årsverk skal gjennom ein omstillingsprosess når TINE legg ned konsummjølkproduksjonen på Byrkjelo. Øyvind Boiesen har leia omstillingsarbeidet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Framtidsretta produksjon

– Vi har sett heile Vestlandet under eitt. Vi har sett at i Bergen har vi eit anlegg i 30 år og bybana er planlagt der rett gjennom anlegget. Det betyr at vi har måtte sjå på framtida og heilskap.

Han seier avgjerda også er tatt på bakgrunn av eit dalande forbruk av mjølk med rundt 30 prosent på søtmjølk frå 1999 til i dag.

– Det er totalvurderinga med kostnader for å sjå på kva vi kan gjere for å gagne forbrukarane i den sterkt dalande marknaden. Det betyr at vi må vere konkurranseeffektive.

Mjølk på tur

Konserndirektør Aniela Gjøs seier i ei pressemelding at TINE skal ta vare på alle som blir råka av endingane gjennom omstillingsavtalen, og at ho har stor forståing for at nokre av medarbeidarane på Byrkjelo vil føle uvisse i forhold til framtidig jobb.

For mjølka som blir produsert i Sogn og Fjordane betyr det no at den må ut på ei lengre reise for å komme på kartong.

– Vi har eit underskot på mjølk i fylket i dag. Men vi har eit overskot i Hordaland og eit underskot i Rogaland. Så vi hentar mjølk frå store avstandar for å ta imot etterspurnaden, seier Boiesen.

På spørsmål om å utdjupe logikken, forklarer Boiesen det slik:

– Vi har behov for 120 millionar (liter red.anm) råmjølk inn til anlegget på Byrkjelo, og vi ser at vi veks ekstremt på kvitost. Det er ikkje nok mjølk i fylket til å hente det. Det betyr at vi må hente det frå store område utanfor fylket. Frå Hordaland og tilliggande fylke, seier Boiesen.

Tine meierier sin nye tomt i Bergen

NYTT BYGG: Her skal det nye anlegget til TINE stå ferdig i 2019/2020, til glede for to av dei tilsette i Bergen, tillitsvald Johnny Nordstrøm og Hilde Fismen som er hovudtillitsvald.

Foto: Tine

Byggjer nytt i Bergen

Konsernstyret i TINE har bestemt seg for at mjølka no skal sendast til Bergen der eit nytt meieri og terminal skal byggast – til ein sum på 800 millionar kroner. Anlegget er planlagt skal stå ferdig i 2019/2020. Dette blir gjort for å styrke konkurransekrafta i selskapet mot internasjonal konkurranse.

I pressemeldinga heiter det at Byrkjelo skal vere eit satsingsanlegg for produksjon av kvitost og brunost, og at produksjonen av desse truleg vil auke.