Hopp til innhold

Kan miste opp mot 25 årsverk

Meieriselskapet Tine vurderer å byggje nytt meieri i Bergen. Det kan føre til nedbemanning for meieriet på Byrkjelo.

Tine Byrkjelo

UNDER UTGREIING: Moglege endringar i Tine kan flytte delar av meieriproduksjonen på Byrkjelo til Bergen.

Foto: NRK

Bakgrunnen for utgreiingar er at meieriet i Bergen er gamalt og utslite.

Eit nytt og større anlegg i Bergen kan føre til nedlegging av tapperiet på Byrkjelo, den delen av meieriet som arbeider med drikkemjølk.

Byrkjelo mest utsett i vurderingane

– Korleis Tine skal forsyne Sør-Vestlandet med konsummjølk er no under utgreiing, og det blir greia ut alternativ der det kan bli ei nedbemanning for Byrkjelo med bortimot 25 årsverk, seier klubbleiar i «Norsk næring og nytelse», Svein Førde.

I tillegg til å vere gamalt og utslite, ligg meieriet i Bergen truleg i vegen for ei bybane. Tine vurderer no kva dei skal gjere, og utgreiingane kan i teorien gå begge vegar.

– Det går på alt frå at ein skal forsyne mjølk frå anlegget på Byrkjelo inn mot bergensområdet, og at ein då får auka aktivitet, til ytterpunktet på andre sida, der ein forsyner Sogn og Fjordane frå eit eventuelt nytt Bergensanlegg, seier meierisjef på Byrkjelo, Torkild Heieren.

Meierisjefen vedgår at sjølv om det er fleire alternativ, så er det nybygging i Bergen ein ser mest på.

– Klart det blir litt uro og spenning

Det skapar spenning hos dei tilsette.

– At det vert starta utgreiingar i Tine er vi veldig vande med, men det er klart at det blir litt uro og spenning kvar gong, seier Førde.

Alt ved månadsskifte skal ei innstilling frå arbeidsgruppa vere klar. Pengane vil avgjere, trur klubbleiaren.

– Det er nok litt slik i Tine at det er det som avgjer til slutt, og då er det å setje innsparingar opp mot auka kostnader og så får du ein fasit på det.