Hopp til innhold

Enorm interesse for for å gjenreise Tungestølen

Heile 67 arkitektfirma melde si interesse for å gjenreise Tungestølen i Luster. – Det verkar som om dette er eit drøymeoppdrag for mange, seier Anne Mari Aamelfot Hjelle i Den Norske Turistforening.

Tungestølen

TUNGESTØLEN: Slik såg det ut etter at Dagmar hadde rasert den gamle hytta på Tungestølen.

Foto: Hildegunn S. Heggestad

Fredag 21. august presenterer DNT vinnaren av arkitektkonkurransen Nye Tungestølen Turisthytte. Aamelfot Hjelle lovar ei moderne turisthytte.

– Ja, det kan eg love deg. Eg kjenner resultatet, så det blir ein annan type hytte enn det har vore, men vi har lagt vekt på at det skal passe inn i eit stølsområdet, og det tykkjer eg vinnarutkastet har gjort på ein veldig god måte.

Rasert av Dagmar

Den kjende turisthytta Tungestølen vart rasert då orkanen Dagmar herja på Vestlandet 1. juledag 2011 . 67 arkitektfirma melde sin interesse for å teikne den nye hytta.

Anne Mari Aamelfot Hjelle, assisterende generalsekretær i Den Norske Turistforening

NYE TUNGESTØLEN: Anne Mari Aamelfot Hjelle i Den Norske Turistforening.

Foto: Privat

Vi har lagt vekt på at skal vere ei hytte som andre DNT-hytter, der det enkle friluftslivet får sin plass. I og med at Tungestølen er slik det er, har vi og lagt vekt på at bygget i seg sjølv skal vere ein attraksjon, at det skal vere ein spanande stad å komme til.

Stor interesse

Interessa for å få vere med å teikne den nye hytta har vore enorm. Dei tre finalistane som slapp gjennom nålauget og fekk konkurrere om oppdraget er Carl-Viggo Hølmebakk AS, Snøhetta Oslo AS og Hamran/Johansen Arkitektur.

– Det verkar som om dette er eit draumeoppdrag for mange arkitektar. Og resultatet er utruleg flott. Eg er imponert over kreativiteten og oppgåveforståinga finalistane syner, seier Aamelfot Hjelle

Dei siste åra har turistforeininga bygt fleire nye hytter med eit svært moderne arkitektonisk uttrykk. I fjor opna DNT hytte nummer 500, Rabothytta i Nordland, som av fleire er karakterisert som den råaste turisthytta til foreininga.