Hopp til innhold

DNT vil byggje hytte på Tungestølen

Planane om panoramarestaurant og opplevingssenter på Tungestølen er lagt på is. No ønskjer DNT å byggje ei turisthytte.

Tungestølen

KNUST: Den over 100 år gamle turisthytta ved Jostedalsbreen blei knust til pinneved av orkanen Dagmar. No har DNT forslag til ny hytte. Skissa viser forslag til fleire spesialbygg liggjande i tunformasjon. Felleshuset er plassert der kafebygget stod, med soveselet mot aust og småhytter mot nord. Lager og servicebygg ved køyrevegen. Øvst på hytteteigen er sovehuset med god brannavstand til dei andre husa. Det er snakk om bebygd areal på omlag 715 kvadratmeter. Før Dagmar var det bygd på i underkant av 200 kvadratmeter.

Foto: Hildegunn S. Heggestad/Planteikning frå DNT

I fjor sommar kom det fram at sterke krefter ville satse 20 millionar på overnatting, panoramarestaurant og opplevingssenter på Tungestølen i Veitastrond.

Dette var Den Norske Turistforening (DNT) sterkt kritisk til. Frykta var at området skulle bere preg av masseturisme.

– Vi frykta det skulle komme ein svær restaurant og at det blei satsa på eit heilt anna publikum enn det har vore tradisjon for, seier assisterande generalsekretær Anne Mari Aamelfot Hjelle til NRK.no.

Investor Oddvar Røysi som opphavleg er frå Luster, skal ha stått bak ideen i fjor. Han stadfestar at han ikkje lenger har tankar om å byggje på Tungestølen.

– Eg har ingen planar om nokon satsing der, seier han til NRK.no i dag.

Satsar på betjent hytte om sommaren

Tungestølen ligg rett aust for den sørlege delen av Jostedalsbreen, ved Veitastrond i Luster kommune. I jula 2011 blei området rasert av uveret Dagmar. Hytta som stod der var privateigd og hadde vore i drift i 102 år. Eigarane har gitt beskjed om at dei ikkje ønskjer å drive vidare. Dermed har DNT kome på bana.

– Dei som dreiv hytta har vore klare på at dei ønskjer at turistforeininga byggjer ei ny hytte. Også grunneigarane vil ha ei turisthytte som passar inn i miljøet, seier Hjelle.

DNT har fått 50.000 kroner av Luster kommune til eit forprosjekt for å finne ut kva det vil innebere å byggje og om ei hytte er drivverdig.

– Den rapporten leverte eg til Luster kommune fredag. Planen skisserer ei turisthytte med overnatting. Kanskje blir det delt driftsform der du har ein betjent sesong med kafe og restaurant i to-tre månader. Resten av året tenkjer vi at hytta skal vere ubetjent.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tungestølen juni

BLEI ØYDELAGT: Store deler av Tungestølen blei knust då uveret Dagmar herja. No kan det igjen bli turisthytte her.

Foto: Hildegunn S. Heggestad

Håper på rask avgjerd

Luster kommune skal no sjå på rapporten og finne ut på dei har fått svara dei treng. DNT skal ha vidare dialog med Luster turlag om dei kan tenkje seg å drive hytta.

– Det eg håper og trur, er at DNT-systemet overtek og at Luster turlag står som eigar. Tungestølen har eit stort potensial i forhold til turar, reiseliv, både dagsturar og overnatting, seier ho.

– Kven skal finansiere ei hytte på Tungestølen?

– Det kjem an på kven som er villig til på satse, Er det turlaget, er det mogleg å søkje om spelemidlar og i diverse fond. Turlaga er gode på dugnad og eg veit også at kommunen er positive til planane om ny hytte på Tungestølen.

Håpet er ei rask avgjerd i sommar slik at prosjekteringa kan starte til hausten. Hjelle seier det er for tidleg å seie når ei ny hytte kan stå ferdig.

– 2014 er nok uansett for ambisiøst, men eg håper på 2015, seier Hjelle.

Tungestølen knust

HERJA OMRÅDE: Tungestølen fekk hard medfart under uveret i jula 2011.

Foto: Gabrielle Neset