NRK Meny
Normal

Ho gav opp alt anna for jobben ho elskar - no står ho i fare for å miste den

FLORØ (NRK): Else Karin Seljeseth hoppa av høgskuleutdanninga då ho fekk tilbod om draumejobben ved Florø lufthamn. Når stillingar no skal kuttast, fryktar ho det verste.

Else Karin Seljeseth, flyekspeditør

KAN MISTE DRAUMEJOBBEN: Else Karin Seljeseth var ikkje i tvil om at ho ville jobbe som flyekspeditør ved Florø lufthamn. Sjølv om framtida ikkje lenger ser like lys ut, er ho framleis glad i jobben sin.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Tysdag vart det gjennom Firdaposten kjent at minst ti årsverk kan forsvinne når Widerøe kuttar i flygingane til og frå Florø lufthamn 1. april i år.

– Eg er veldig redd. Eg er den som er sist tilsett, så eg veit at det er eg som mest sannsynleg må gå. Det er kjipt med tanke på at eg har etablert meg heime, seier Else Karin Seljeseth.

Frå 100 til 30 prosent stilling

Under reiselivsutdanninga fekk ho tilbod om sommarjobb med mogleg forlenging. Snart fem år seinare er ho framleis i jobben ho elskar.

– Eg synest det kjekt å vere ute heile dagen. Du jobbar variert, ingen dagar er like.

Ho er ho blant fire tilsette som har gått frå tilnærma 100 prosent stilling, og ned i 30 prosent. Seljeseth er kritisk til at regjeringa valde å innføre fri konkurranse på flyrutene til og frå Florø.

Siv Merete Stadheim

MÅ SEIE OPP FOLK: Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Dei har ikkje tenkt på konsekvensane av det dei har gjort. Folk er ikkje villige til å betale 3–4000 kroner for ein flybillett.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim seier konsekvensen av at den siste kveldsruta blir kutta, fører til kortare opningstid og eit behov for færre tilsette.

– Det er utfordrande. Det er synd for dei tilsette, men det er også synd for regionen at ein ikkje har eit tilbod med det siste kveldsflyet.

Florø lufthamn må kutte minst ti årsverk når Widerøe kuttar i flygingane til og frå Florø frå 1.april.

MÅ KUTTE: Minst ti tilsette vil miste jobben ved Florø lufthamn når den siste kveldsruta blir kutta 1. april. (Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen)

– Blei akkurat som vi spådde

Flora-ordførar Ola Teigen seier det har vore krevjande sidan Samferdsledepartementet valde å kommersialisere Florø lufthamn, og at det var nettopp dette dei frykta – færre avgangar og dyrare billettprisar.

– Det skulle bli betre, men no opplever vi at det blir akkurat som vi spådde. Det er uheldig for dei privatreisande, men mest av alt for næringsdrivande i Florø som rapporterer at det blir vanskelegare å drive næring frå Florø.

Teigen meiner det må vere passasjergrunnlag for å innføre fri konkurranse, men at det ikkje er nok passasjerar til å konkurrere om avgangane i Florø.

Frp-politikar Frank Willy Djuvik er derimot heilt usamd i at det er kommersialiseringa som har skulda.

Frank Willy Djuvik

IKKJE FRP SIN FEIL: Frp-politikar Frank Willy Djuvik meiner konkurranseutsetjinga ikkje har skulda.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Han meiner det er nedgangen i passasjertalet og Widerøe si tilpassing til passasjergrunnlag som har ført til høgare prisar og no færre avgangar.

– Dette har ingenting med kommersialisering å gjere, for dei endringane som Widerøe her gjer, det kunne dei gjort innanfor anbodssystemet også. Men fordi Widerøe legg opp til eit slikt ruteopplegg, så er det no mogleg at det kan komme andre aktørar inn, som vil gi eit betydeleg betre tilbod.