Hopp til innhold

Færre reiste med fly til og frå fylket i fjor

Alle flyplassane i fylket hadde nedgang i passasjertala i fjor. Størst er nedgangen for Florø lufthamn.

Flyplass-kollasj

NEDGANG: Færre reiste med fly i fjor.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/Ottar Starheim, Karl Kristian Langeland, Arve Uglum / NRK

For andre år på rad er det nedgang i talet på flypassarjerer over heile landet. Nedgangen merkast også på kortbanenettet i Sogn og Fjordane.

Størst var tilbakegangen på Florø Lufthamn med ein nedgang på 14,1 prosent, svikten i Sogndal lufthamn Haukåsen er på 6,7 prosent. På Førde lufthamn Bringeland er det ein nedgang på 3,7 prosent og Sandane lufthamn Anda har ein nedgang på 3,9 prosent. Tala er frå Avinor og viser innanlands flytrafikk.

Merkar krisa i oljeindustrien

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim

STØRST NEDGANG: Siv Merete Stadheim er lufthamnsjef i Florø

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Nedgangen er noko vi har sett utviklinga på gjennom heile 2015, seier Siv Merete Stadheim, som er flyplassjef i Florø.

Totalt reiste 176 795 passasjerar via flyplassen i Florø i 2015. Det er 29 019 færre enn året før. Stadheim seier det er særleg den vanskelege situasjonen for offshorenæringa som gjer seg gjeldande.

– Heile kysten merkar no at offshore-aktiviteten er redusert. Dersom vi ser berre på offshore så er nedgangen for flyplassen der åleine på 20 prosent.

Auke i desember

Sjølv om alle flyplassane i fylket hadde nedgang for 2015 samla, hadde to av flyplassane auke i desember. Sandane lufthamn Anda hadde ein auke på 16, prosent og størst var auken i Sogndal med 18,3 prosent.

Lufthamnsjef Svein Sanden

OPPGANG I DESEMBER: Svein Sanden er lufthamnsjef i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er klart det er hyggeleg å sjå slike tal i og med at vi har hatt eit år der vi har slite ganske mykje på Haukåsen, seier lufthamnsjef Svein Sanden.

Men dei gode tala i desember til trass, det er ikkje nok til å kompensere for tapet resten av året. Totalt reiste 6177 færre med fly via Sogndal enn året før. Sanden meiner mykje av forklaringa ligg i problem med regulariteten. I fjor var det 70 fleire kanselleringar enn året før.

– Det er ikkje akkurat med å bygge tillit når passasjerane ikkje kjem ut frå Haukåsen.

– Kva kan ein gjere med det?

– Vi er jo den einaste flyplassen i fylket som ikkje har nattstasjonert fly. Men no er nok toget godt for å få eit fly stasjonert her om natta for dei neste fire åra. Dermed er vi avhengige av å få fly hit om morgonen, for at passasjerar skal kunne reise frå Sogndal, seier Sanden.