Hopp til innhold

Høgre vurderer å droppe kommersielle flyruter frå Florø

HERMANSVERK (NRK): Høgre vurderer no om dei skal gå tilbake på planane om å kommersialisere flyrutene frå Florø til Oslo og Bergen. Trafikken stuper og prisane går i taket på flyrutene frå kystbyen.

Bjørn Hollevik (H)

VIL HA TILTAK: Bjørn Hollevik (H) møtte i går Høgre-fraksjonen i transportkomiteen på Stortinget. Tysdag ettermiddag var han tilbake på fylkestinget på Hermansverk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frå 1. april neste år skal alle flyrutene på Florø lufthamn konkurranseutsetjast. Eit kjapt søk tysdag ettermiddag syner at ein fullprisbillett tur / retur Oslo vil koste nær 5000 kroner frå den datoen.

Prisveksten på flyreiser til Oslo er om lag 30 prosent, til Bergen nær 70 prosent. Samstundes har trafikken på flyplassen gått ned med nær 20 prosent berre det siste halvåret, noko som ikkje minst skuldast nedgangen i verfts- og oljenæringane langs kysten.

Må vurdere tiltak

Trafikktala er dramatisk låge, og Widerøe har laga ein plan som betyr eit dramatisk rutekutt frå Florø. Ein såg føre seg ein vekst, no ser ein eit dramatisk fall som vi ikkje kunne sjå kome. Difor må ein no ta ein fot i bakken og sjå på tiltak, seier Høgre-politikar frå Florø, Bjørn Hollevik.

Måndag måtte han i all hast forlate møtet i fylkesutvalet for å rekke eit møte med Høgre si gruppe i transportkomiteen på Stortinget. Der møtte han blant andre fylkeskollega Bjørn Lødemel.

– Eg er svært uroa over den dramatiske nedgangen i reisande som har vore ved Florø lufthamn siste tida, og kva konsekvensar det kan få med færre avgangar og dyrare billettar i framtida, seier Lødemel.

Høgre-fraksjonen Stortinget

MØTTES I OSLO: Helge Orten, Møre og Romsdal, komiteleiar Linda C. H. Helleland/komiteleiar, Torill Eidsheim, Hordaland, Bjørn Hollevik og Bjørn Lødemel.

Foto: Privat

Drog rett til Oslo

– Tala dei fekk sjå i går var heilt oppdaterte og dei opplevde tala som særdeles dramatiske. Dei ser at situasjonen er kraftig endra, og vi fekk også lov til å leggje fram uroa vår for statssekretæren i samferdsledepartementet, Tom Cato Karlsen (Frp), fortel Hollevik til NRK.

– Bør kommersialiseringa avlysast?

– Det er eitt av tema vi no må sjå på. Vi har ikkje drøfta konkret korleis vi skal finne ei løysing. Det viktigaste er at vi skal få eit godt tilbod til ein lågare pris. Det fekk vi ikkje til no. Det har no snudd seg dramatisk, og no krevst det politisk mot til å sjå etter andre løysingar enn det som no er vald.

Han seier fleire oljeselskap og industriverksemder no vurderer framtida, som følgje av dårlegare og dyrare flyplasstilbod.

– Det mest dramatiske som kan skje er at dei flyttar aktivitet vekk frå regionen vår, seier han.