Hopp til innhold

Eldregeneral fryktar eit kontantlaust samfunn

FØRDE (NRK): Eldregeneralen meiner det er diskriminerande at Høgre vil gjere samfunnet kontantlaust.

Dagunn Klakegg

VIL IKKJE: Dagunn Klakegg seier ei undersøking viser at berre ein av ti mellom 60 og 100 år ynskjer seg eit kontantlaust samfunn.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Vi betaler alle vår skatt. Det gjer noko med folk si verdigheit å få ei slik løysing tredd over hovudet.

Det seier leiar i Eldrerådet i Førde kommune, Dagunn Klakegg, om regjeringspartiet sine planar om å avvikle kontantar som betalingsmiddel innan 2030.

– Vil klare oss sjølve

Utvalet som Høgre har sett ned for å arbeide med spørsmålet rundt det digitale samfunnet, kan gjere både minibankar og kasseapparat til museumsgjenstandar. Allereie frå 2020 ynskjer dei å fase ut kontantplikta til butikkane.

Bakgrunnen er at stadig færre går rundt med kontantar i lommeboka. Klakegg fryktar følgjene for eldre om dei i framtida ikkje lenger får betale med kontantar.

– Det vil jo få den konsekvensen at dei klarar ikkje å ordne opp i sin eigen økonomi, og det er jo veldig lite tilfredsstillande for den enkelte. Fordi vi vil jo alle klare oss sjølve, seier ho.

Dyr teneste

Vidar Grønnevik

DYRT: Vidar Grønnevik seier det kostar samfunnet mykje pengar å ha kontantar tilgjengelege.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Vidar Grønnevik, trur problema vil gå seg til etter kvart. Han meiner økonomi er ein av grunnane for å avvikle kontantane.

– Det er veldig dyrt å flytte rundt på kontantar, for det krev store pengetransportar med vakthald og det heile. Det er ein ganske dyr teneste å halde oppe, seier han og held fram:

– Det andre er at den illegale økonomien vår i hovudsak er basert på kontanttransaksjonar.

Laila Kristin Sande

TVIHELD: Butikksjef Laila Kristin Sande fortel at ein av hennar faste kundar har lova å strete i mot eit kontantlaust samfunn i framtida.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Seier gjerne nei til kontantar

Nordmenn er heilt i verdstoppen når det gjeld bruk av bankkort. Ein rapport frå Noregs Bank viser at kvar innbyggjar i snitt drog kortet 369 gonger og gjekk 11 gonger i minibanken i 2014.

Rapporten viser at berre fire prosent svarar at dei hovudsakleg betalar med kontantar.

Ved bokforhandlaren Norli trur butikksjef Laila Kristin Sande at fleire kjedar vil slutte å ta i mot kontant betaling, dersom plikta om å ta i mot blir fjerna.

– Eg trur nok gjerne det er kjeder som kjem til å nytte seg av det. For eit kontantlaust betalingssystem er veldig masse enklare for butikkar, og kontantar er eigentleg ikkje så praktisk for oss heller. Og det kostar, seier ho.

Men mange stader er det nok pengar i omløp til at angsten for ran er til stades. Sande trur mange vil føle seg tryggare på jobb dersom kontantane forsvinn.

– I den bransjen som eg er i så er det jo klart at ein tenkjer helst på at det er kontantane dei er ute etter, seier ho.