Eit splitta Helse Førde-styre vedtok dramatiske kutt

FØRDE (NRK): Helse Førde-styret klarte til slutt å samle seg om store kutt i 2018-budsjettet. Men det skjedde ikkje utan dramatikk.

Børge Tvedt og Agnes Landstad

VEDTOK: Styreleiar Agnes Landstad (t.h.) ville ha eit opphald i styremøtet til partane vart samde då dei tillitsvalde varsla at dei ikkje ville gå med på budsjettkutta.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Etter eit over seks timar langt møte vedtok styret i Helse Førde å kutte neste års driftsbudsjett med over 50 millionar kroner.

Men det var først etter at dei fire tillitsvalde i styret braut ut og varsla at dei ikkje ville røyste for budsjettframlegget slik det låg føre.

Dei frykta for dei tilsette sin helse, miljø og sikkerheit, samt var uroa for at innbyggjarane i fylket ikkje ville få forsvarlege helsetenester.

– Eg har store bekymringar i høve det å klare dei innsparingane som er skissert. ROS-analysane viser stor HMS-risiko for dei tilsette. Når den er stor, har det betydning for kvaliteten vi leverer til pasientane, sa Arthur Norevik.

Hans Jacob Westbye, Arthur Noreveik, Wenche Røkenes (bak), Randi Aven

DRAMA: Dei fire tillitsvalde i styret trudde ikkje at kuttbudsjettet til Helse Førde var realistisk, og braut ut.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Braut ut

Han fekk støtte frå Hans Jacob Westbye, som var kritisk både til resultatkravet og tempoet i utbygginga av sentralsjukehuset.

– Det riktige ville vore på eit tidlegare tidspunkt å justere langtidsbudsjettet. Eg har argumentert for å skyve ting eitt år fram i tid. Vi er alle samde i at vi må bygge og investere. Men vi trenger meir tid til dei store omstillingane som trengst for å få det økonomiske handlingsrommet, sa Westby.

Han trudde ikke på at Helse Førde ville klare å spare det budsjettet la opp til i 2018.

Dermed såg det ut til at styret ville vedta det dramatiske kuttbudsjettet med Helse Vest sine seks representantar, mot dei fire tillitsvalde, og ikkje samrøystes. Sjølv etter klare oppfordringar frå fleirtalet, var ikkje dei tillitsvalde til å rokke, og Agnes Landstad bad om pause.

Reidar Sandal, Helge Bryne, Atle Hamar

SLEIT: Dei Helse Vest-oppnemnte representantane Reidar Sandal, Helge Bryne og Atle Hamar måtte gå med på eit tilleggspunkt i vedtaket, for å få budsjettet samrøystes i gjennom.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Splitta styre

Dei tillitsvalde kom tilbake til møtet med eit tilleggspunkt til vedtaket:

  • Styret innser at det framlagde budsjettet inneber risiko for HMS for tilsette, tenestetilbodet til brukarar og pasientar, og økonomisk resultat. Styret ber difor administrerande direktør følgje konsekvensane av innsparingstiltaka nøye, særleg med tanke på HMS for tilsette og forsvarleg tenestetilbod.
  • Styret ynskjer tett rapportering i høve konsekvensane av innsparingstiltaka i budsjettet for 2018.

Tillitsvalde fekk også protokollført usemja, før styret banka gjennom budsjettet. Dei meiner innsparingane er urealistiske og tufta på to feilaktige premissar.

For å få budsjettet i gjennom godtok Helse Vest-representantane tillegget, og til trass for at styret er splitta, vart vedtaket samrøystes.

Reidar Sandal, Helge Bryne, Atle Hamar

SLEIT: Dei Helse Vest-oppnemnte representantane Reidar Sandal, Helge Bryne og Atle Hamar måtte gå med på eit tilleggspunkt i vedtaket, for å få budsjettet samrøystes i gjennom.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Investere

Helse Førde gjer dei dramatiske kutta for mellom anna å få råd til å ruste opp sentralsjukehuset i Førde for 1,5 milliardar kroner. Dei ynskjer også sette seg i stand til å kunne investere i medisinteknologisk utstyr i tida framover.

Ifølgje styret skal ikkje følgjene av kutta gå utover det samla tilbodet til Helse Førde, sjølv om mellom 30 og 40 årsverk skal vekk. I største grad blir årsverka fjerna gjennom naturleg avgang.

NRK har også fortalt at gynekologitilbodet i Eid og Lærdal vil forsvinne for eitt år, medan det også truleg blir kutt i radiolog på vakt i Lærdal og Eid, og nedskjeringar i senger ved medisinsk avdeling ved sjukehuset i Lærdal.