Hopp til innhold

Vil legge ned gynekologien i Lærdal og på Eid

Kvinner i Sogn og Nordfjord mister det lokale tilbodet når gynekologisk poliklinikk i Lærdal og på Nordfjordeid blir kutta.

Kollage sjukehus

KUTT: Ein overlege sluttar. Då blir det for få ressursar til å halde fram dei ambulerande gynekologiske poliklinikkane i Lærdal og Eid, ifølge direktør i Helse Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Grunnen til nedlegginga er at Helse Førde mister ein overlege i gynekologi i 2018, og at det ikkje finst planar om å erstatte vedkommande ut budsjettåret.

– Det ser ut til at vi mister ein av dei gynekologiske overlegane våre i løpet av 2018, og vi har ingen på plass til å overta. Færre overlegar betyr at vi må kutte dagane med gynekologi ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid.

Det seier direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes, til NRK.

Helse Førde må kutte 50 millionar kroner neste år, mellom anna for å få råd til utbygginga ved Førde sentralsjukehus. Måndag åtvara ordførarane i Lærdal og Eid om at utbygginga i Førde ikkje må gå på kostnad av lokalsjukehusa.

Vingsnes vedgår at stillinga som blir ledig vil utgjere eit innsparingstiltak i 2018.

– Målet er at tilbodet skal tilbake, men vi veit ikkje når, seier Vingsnes.

– Ubestemt tid

Helse Førde har hatt ei ambulerande gynekologiordning i fleire år. Slik har lokalsjukehusa i Lærdal og Eid hatt gynekologisk poliklinikk cirka to dagar, ti gongar i året, på begge sjukehusa.

– Dette har vore ei god ordning for kvinnene lokalt i Sogn og Nordfjord, seier Vingsnes.

Trine Vingsnes

MELLOMBELS: – Vi har ikkje foreslått å trekke inn stillinga, seier direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

No må desse belage seg på lengre køyretur til Førde. Men generelt må kanskje alle kvinner i Sogn og Fjordane vente lenger på time hjå gynekologen neste år, sidan overlegen sluttar.

– Dette går også ut over kapasiteten ved sentralsjukehuset, sidan overlegen som sluttar arbeider mest i Førde. Samla sett vil kapasiteten i kvinneklinikken altså gå ned utpå året, seier Vingsnes.

– Kor lenge vil situasjonen vare?

– Det veit vi ikkje. Dette må her og no sjåast på som eit tap av tilbodet på ubestemt tid, seier Vingsnes.

Meiner det er forsvarleg

Direktøren meiner det er forsvarleg å redusere tilbodet.

– Men ikkje ønskeleg, mellom anna på grunn av at ventelista då aukar, seier Vingsnes.

Det er ikkje heilt avklart når legen sluttar i 2018, eller når stillinga blir lyst ut.

– Det kjem an på drifta, på ventelista og på heilskapen i helseføretaket. Ut frå den økonomiske situasjonen planlegg vi ikkje å leige inn vikar, men vil klare oss med noko lågare kapasitet, seier Vingsnes.

Direktøren understrekar at fødepoliklinikk med jordmor, god start-tilbodet og følgetenesta som dei driv saman med kommunane, held fram som før.

Styret i Helse Førde skal handsame budsjettet for 2018 førstkommande fredag.