Hopp til innhold

Ein slik gymtime har dei ikkje hatt før

SANDE (NRK): Vektløfting er ein stor idrett rundt om i verda. I samband med det kommande europameisterskapet i vektløfting, fekk elevar ved Sande skule i Gaular prøve seg på idretten.

Vektløfting Sande

GOD TRENING: Vektløfting er god trening for unge.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det er ingen plass i livet det er viktigare å byggje muskelmasse og skjelett, enn i barne- og ungdomskulealderen, seier Ola Bergheim.

Han er leiar i Sogn og Fjordane vektløftarkrins, og er ikkje i tvil om at dagens ungdommen har godt av å løfte vekter.

– Før fekk barn og unge tidleg muskelmasse gjennom jobb og leik. No sit dei fleire timar om dagen framfor ulike skjermar og duppedittar. Det er klart at dei ikkje får det same kroppslege grunnlaget.

Ola Begheim

INSTRUERER: Ola Bergheim i full sving med kurset.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Må gjerast riktig

Denne veka fekk niandeklassingane ved Sande skule ein litt annleis gymtime. Bergheim kom nemleg på besøk, saman med to andre instruktørar, og køyrde eit program i vektløfting og styrketrening.

– Me driv ikkje med markløft, benkpress eller andre slike tunge øvingar her. Ein må ha kjernemuskulaturen på plass fyrst, og den kan ta litt tid å byggje. Trenar ein ikkje på riktig måte, blir det fort skadar, seier Bergheim.

Lina Ødegaard

DELTOK: Lærar Lina Ødegaard tok del i opplegget.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Lina Ødegaard er lærar for elevane, og ho trur manglande kompetanse rundt vektløfting er årsaka til at denne treningsforma har ein mindre plass i læreplanen.

Det er ei veldig teknisk treningsform, og det krev mykje teknisk kunnskap av ein lærar å ta ei stor klasse gjennom eit slikt program. Ein må også følgje godt med på elevane undervegs slik at dei ikkje gjer feil, noko som er vanskeleg med store klasser. Da er det mykje lettare og tryggare å la dei kaste ball til kvarandre, seier Ødegaard.

– Veldig kjekt

Fleire av elevane var nøgde med kurset, ein av dei var Sindre Gråberg Bareksten.

Eg tykkjer det har vore veldig kjekt, litt mykje teknikk kanskje, men det er jo trass alt noko av det viktigaste, seier Bareksten.

Sjølv driv han mykje med klatring, og sjølv om han tykkjer om vektløfting, tviler han på at det nokon gong vil erstatte klatringa.

– Når ein driv mykje med vektløfting blir ein ganske stor, og det er ikkje noko eg ynskjer som klatrar. Då det er ein fordel å vere lett. seier Bareksten.

Sindre Gråberg Bareksen

NØGD: Sindre Gråberg Bareksten var nøgd med kurset i vektløfting.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Satsar på fulle hus

Ola Bergheim var også nøgd med dagen.

Eg tykkjer dei har vore flinke, og eg håpar me har pirra interessa for idretten. Dei var nå i alle fall veldig flinke, seier Bergheim med eit smil.

Han håper også at fleire av elevane fekk lyst til å ta seg ein tur til europameisterskapet i vektløfting når det startar på sundag.

Vektløfting

EM: Satsar på fulle hus til europameisterskapet.

Foto: Martin Torstveit / NRK