Hopp til innhold

– Folk misforstår kva styrketrening går ut på

FØRDE (NRK): Mange trur at styrketrening før 16-årsalderen hindrar vekst, men no motbeviser vitskapelege studium dette. På fleire treningssenter er aldersgrensa for styrketrening sett ned.

Lars Jørgen Løken Rundereim og trenar Eirik Flatjord

SENKA ALDERSGRENSA: Aldersgrensa på Puls blei sett ned då forskingsrapportane om at styrketrening ikkje hemmar vekst kom, fortel PT Eirik Flatjord. Han rettleiar Lars Jørgen Løken Rundereim i styrketrening.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Personleg trenar Eirik Flatjord fortel at foreldre er skeptiske til at unge driv med styrketrening.

– Dei trur at dei unge skal løfte så tungt som mogleg, fortel Eirik Flatjord, som også er medeigar på treningssenteret Puls.

Senteret hans er eitt av fleire treningssenter som har sett ned aldersgrensa. Her kan ein no vere 14 år for å trene styrke, tidlegare var grensa 16.

– Aldersgrensa blei sett ned i samband med seinare forskingsrapportar frå USA, fortel Flatjord.

For ei stor mengd vitskapelege studium konkluderer med at myten om at styrketrening når ein er tenåring eller prepubertal kan hemme vekst, ikkje stemmer.

– Men 14-åringane må gjennom eit tryggingskurs først, og styrkeprogramma blir tilpassa, seier Flatjord.

– Alle kan løfte vekter

Vidar Andersen ved Høgskulen i Sogn og fjordane.

UNGE KAN LØFTE VEKTER: Vidar Andersen fortel at unge kan trene vekter så lenge ein passar på kor tungt ein løfter, og at ein løfter riktig.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Folk har haldningar om at unge ikkje skal trene. Dei trur det kan vere skadeleg for barn, og at dei og sluttar å vekse. Men dette er ikkje like godt dokumentert som ein trur, seier Vidar Andersen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Han er førsteamanuensis ved avdeling for lærarutdanning og idrett, og med i ei gruppe som forskar på effektane av styrketrening. Gruppa forskar ikkje på barn.

Andersen fortel at unge kan trene vekter så lenge dei passar på kor tungt dei løfter, og at dei løfter rett.

– Styrketrening av store muskelgrupper er ok når ein har fokus på teknikk og tilpassar motstand i starten, seier Andersen.

Han fortel at alle har fare for overbelasting og skadar om ein løftar for tungt.

– Ein skal passe seg for å løfte tungt tidleg, men det gjeld også alle som startar å trene. Problemet med barn og unge er at dei kanskje ikkje er heilt klar over kva som kan skje.

Lars Jørgen Løken Rundereim trener slynge

UROA FORELDRE: – Foreldra mine har sagt at eg ikkje må løfte for tungt før eg er ferdig utvaksen fordi det kan hindre vekst, seier Lars Jørgen Løken Rundereim.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Ikkje berre tunge vekter

Eirik Flatjord på Puls seier at dei yngste ikkje blir sett til å trene tunge vekter.

Styrketrening inneber også å bruke eiga kroppsvekt gjennom blant anna slyngetrening.

Les også: Jentene stormer fram i vektløfting

Olve Eide trenar planken

BETRE FOTBALLSPELARAR: Olve Eide meiner at styrketrening gjer dei betre i fotball.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Unge fotballtalent mellom 14 til 16 år blir rettleia gjennom eit styrkeopplegg for å tole belastinga av fotball.

– Styrketrening gjer oss til betre fotballspelarar, fortel Olve Eide (15).

Han er på rettleiingstime for første gong.

– Øvingane var ganske tunge. Det er jo musklar vi aldri har trent før, så det blir jo tungt dei første gongene, seier Eide.

Styrketrening gjer oss til betre fotballspelarar.

Olve Eide (15)

Eide og lagkamerat Lars Jørgen Løken Rundereim (16) har ikkje byrja skikkeleg med vektløfting enno, men synest det er greitt å byrje i alderen dei er i.

– Foreldra mine har sagt at eg ikkje må løfte for tungt før eg er ferdig utvaksen fordi det kan hindre vekst, seier Rundereim.

Lars Jørgen Løken Rundereim og Olve eide trener slynge

FØRSTE GANG: Lars Jørgen Løken Rundereim og Olve Eide trenar styrke med slynge for første gang. – Øvingane var ganske tunge. Det er jo musklar vi aldri har trent før, fortel Eide.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK