NRK Meny
Normal

Ein person sakna: - Det verst tenkelege ein kan oppleve

HAUKÅSEN (NRK): Dei tilsette ved institusjonen som 37-åringen forsvann frå måndag kveld er sterkt prega av det som har skjedd. Dei deltek for fullt i leitinga.

Per Steinar Melås og dei tilsette ved institusjonen er sterkt prega.

PREGA: Den sakna var busett på ein av institusjonane til Per Steinar Melås. Saman med andre tilsette har han delteke for fullt i i leitinga etter 37-åringen.

Foto: Kjell Arvid Stølen

– Dette er det verst tenkelege ein kan oppleve, at ein person berre forsvinn. Det går sterkt inn på alle i personalet, seier Per Steinar Melås.

Mannen forsvann då han og fleire andre frå institusjonen var på tur ved Haukåsen i Sogndal. Han vart meldt sakna måndag kveld, og det har vore leita etter mannen gjennom natt, og nye søk starta opp tysdag morgon. Eit politihelikopter er sett inn i leitinga, i tillegg leitar mannskap frå brannvesenet, Røde Kors, Norske Redningshunder og Sivilforsvaret.

Det var to tilsette frå institusjonen som var med mannen på tur.

– Dei var på veg tilbake til bilen, så snur dei seg og så er han sakna og vekke, seier innsatsleiar Svein Inge Harberg om det som skjedde måndag kveld.

 Innsatsleiar Svein Inge Hartberg koordinerer store leitemannskapar i leitinga etter den sakna.

LEITING: – Vi finsøkjer eit område på to kvadratkilometer no, så må vi utvide etter kvart, seier innsatsleiar Svein Inge Harberg i politiet. Mannskapar frå fleire organisasjonar og frivillige deltek i leitinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Var van med å gå på tur

– Alle dei tilsette har vore der og delteke i leitinga i natt, og dei kjem att klokka 12 for å leite vidare. Vi er sterkt prega alle saman, og føler på at dette gjer vondt, seier Melås.

Mannen skal ha vore i området mange gonger før. Over 60 personar leitar for fullt i området, men til no har leitinga vore resultatlaus.

– Vi har ikkje gjort funn eller observasjonar til no. Vi driv finsøk i eit område på to kvadratkilometer, så må vi utvide etter kvart.

Mannen var berre kledd i shorts då han forsvann, men politiet håpar likevel å finne mannen i god behald.

– I natt var det nede i tre grader på Haukåsen, så det var vore kaldt.

Melås og dei tilsette ved institusjonen lever også i håpet.

– Personalet går tur med han kvar einaste dag, og det har vore ein tradisjon i ti år. Dette er eit av utfluktsområde vi har gått i veldig mange gonger. Han er veldig godt trena, sterk og kan gå langt. No håpar vi berre at vi snart kan finne han, seier Melås.

Innsatsleiaren frå politiet fortel leitemannskapar kvar dei skal fortsetje søket.

INSTRUKSJON: Frivillige frå fleire lag og organisasjonar samt frivillege deltek i søket.

Foto: Christian Blom
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.