Hopp til innhold

Politiet stadfestar: Christer Flem er funnen død

Politiet stadfestar no at det er leivningane etter Christer Fretheim Flem som vart funne på Haukåsen onsdag 3. juni.

Christer Fretheim Flem

SAKNA: Det vart sett i gang ein stor leiteaksjon då Christer Fretheim Flem forsvann i 2016.

Foto: Privat

– Det er framleis ingen haldepunkt for at dødsfallet skuldast ei straffbar handling og saka vil no bli avslutta, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding i føremiddag.

Christer Fretheim Flem forsvann 9. mai 2016 på Haukåsen i Sogndal.

Flem hadde den sjeldne diagnosen Angelmans syndrom. Han var på tur saman med personale frå institusjonen der han budde i området rundt flyplassen på Haukåsen. Det siste pleiarane såg av 37-åringen var at han stogga opp ved ein snøhaug

Mistenkjer ikkje straffbar handling

I byrjinga av juni i år melde politiet at det var gjort funn av leivningar i området, som dei meinte kunne vere Flem.

Lensmann i Sogn, Magne Straumstein, sa til NRK den gongen at funnet vart gjort i eit uframkommeleg terreng der folk normalt ikkje ferdast. Det er bratt lende og vanskeleg tilgjengeleg med tett vegetasjon og kupert landskap.

– Funnstaden ligg utanfor området som det vart søkt grundig gjennom i samband med forsvinninga for fire år sidan, sa lensmannen.

Leiteaksjon på Haukåsen.

VANSKELEG: Politiet måtte ha hjelp av mannskap frå Røde Kors under leitinga i det bratte terrenget på Haukåsen.

Foto: Sogndal Røde Kors

Etter forsvinngan vart det sett i gang fleire store leiteaksjonar i området, utan at det vart funne spor etter Flem

Sendt til undersøking

I slutten av mai fekk politiet melding om eit funn. Alt dagen etter vart det gjort søk med hund, men dette søket var resultatlaust. Nokre dagar seinare vart det gjort nye søk i samarbeid med Røde Kors. Under dette søket vart leivningane funne.

Lensmann i Sogn, Magne Straumstein.

GJENOPPTEK ETTERFORSKINGA: Lensmann i Sogn, Magne Straumstein.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Funna er sendt inn for kriminaltekniske undersøkingar, sa Straumstein.

– Kan du seie noko om kven som gjorde desse funna?

– Eg ønskjer ikkje å gå i detaljar, då det ikkje er vesentleg akkurat no. Men det var ein person som var i området i eit arbeidsoppdrag som gjorde funnet.

600.000 kroner i bot

Etter forsvinninga oppretta fylkesmannen tilsynssak som konkluderte med at Christer fekk uforsvarleg helsehjelp. Institusjonen som hadde ansvaret for Flem, selskapet Melås Helse, måtte etter rapporten frå fylkesmannen betale 600.000 kroner i bot.

– I arbeidsinstruksen til personalet stod det tydeleg at han aldri skulle sleppast av syne. Det som skjedde var at dei slapp han av syne med det fatale utfallet dette fekk. Selskapet fekk difor ei bot fordi vi ikkje hadde sikra gode nok rutinar for oppfølging av personalet, seier tidlegare eigar og sjef i Melås Helse, Per Steinar Melås, til NRK.

Per Steinar Melås og dei tilsette ved institusjonen er sterkt prega.

LETTA: Tidlegare eigar og sjef i Melås Helse, Per Steinar Melås, deltok sjølv i leitinga etter Flem for fire år sidan.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Han er letta over funnet.

– Vi har undra oss alle rundt, som kjende og var glad i Christer. Kva har skjedd? Funnet gir ei lette og ei grav å gå til for familien. Og kanskje ei forklaringa på kva som har skjedd.

– Har vondt i magen og bringa

Han fortel at han i åra etter forsvinninga har tenkt mykje på kva som skjedde med Flem.

– Eg må vedgå at kvar gong eg har vore på Haukåsen, og køyrt forbi området, så har eg hatt vondt i magen og bringa. Dette har vore heilt uforståeleg for oss, seier Melås, som selde selskapet ei stund etter forsvinninga.

Leiteaksjon på Haukåsen.

LEITEAKSJON: Mannskap frå Røde Kors og politiet fann leivningane utanfor området det vart søkt i for fire år sidan. Terrenget er ulendt og bratt i området.

Foto: Sogndal Røde Kors