– Redningshelikopteret har stort sett vore i lufta i heile natt, og 28 personar har leita på bakken, seier Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.
Mannen var ein del av ei gruppe på seks personar frå ein institusjon som hadde vore på tur på Haukåsen i Sogndal, då han kom vekk frå følget sitt.
– Mannen er berre kledd i shorts og sko, og har vore sakna sidan klokka fem i går, fortel operasjonsleiar Trond Hatlenes, ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.
Får politihelikopter
Like før klokka ni tysdag er det klart at dei ein av dei to politihelikopter i Norge er på veg til Sogndal for å delta i leitinga.
– Redningshelikopteret har i natt søkt med varmesøkjande kamera. Det har også politihelikopteret som er på veg, seier Olaug Holme som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.
Krevjande leiting
Ein større leiteaksjon er sett i gang. Politi, redningshelikopter, og mannskap frå brannvesenet, Røde Kors, Norske Redningshunder og Sivilforsvaret deltek i søket som føregår i turområdet vest for Sogndal lufthamn.
– Det er varierande terreng. Det er både ulendt og bratt, så det er tidvis krevjande terreng å leite i, seier Hatlenes.
Litt ut på morgonen kjem også redningshelikopteret tilbake for hjelpe til i leitinga.
– I natt har det har vore mørkt og dårleg sikt, så når det lysnar av dag vil ein starte opp med manngard og finsøk langs vegane, seier Hatlenes.