Hopp til innhold

Leiteaksjon i Sogndal – pasient sakna etter tur

Store ressursar er kalla ut for å leite etter ein pasient som har kome bort frå eit turfølge.

Pasient frå institusjon sakna etter organisert fottur.

SJÅ VIDEO: Det blir leita til fots, med firehjulingar og med redningshelikopter på Haukåsen. Foto/redigering: Christian Blom

Leiteaksjon på Haukåsen - SeaKing i lufta

LUFT OG BAKKE: Redningshelikopteret i aksjon like ved flystripa på Haukåsen.

Foto: Fotograf Christian Blom AS

– Ei gruppe på seks personar frå ein institusjon har vore på tur på Haukåsen i Sogndal. Ein mann i 30-åra er komen bort frå turfølget. Han er kledd i shorts og joggesko, og er ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.

Ein større leiteaksjon er sett i gang. Politi, redningshelikopter, og mannskap frå brannvesenet, Røde Kors, Norske Redningshunder og Sivilforsvaret deltek i søket som føregår i turområdet vest for Sogndal lufthamn.

Leiteaksjon på Haukåsen i Sogndal

PÅ FLYPLASSEN: Her gjer mannskap seg klare til å søke i fjellområdet.

Foto: Fotograf Christian Blom AS

– Om lag 20 personar er involverte i søket. Vi vil halde fram utover natta, seier Værøy til NRK klokka 23.35.

Politiet fekk melding klokka 20.30. I 22-tida var mannskap på veg ut i terrenget frå parkeringsplassen ved Sogndal lufthamn.

Eit Sea King-helikopteret frå Florø er på plass og driv søk frå lufta. Det er fint vêr i området.

Klokka 00.08 opplyser politiet at den sakna enno ikkje er funnen.

Haukåsen