Hopp til innhold

Han har laga over 100 skulpturar i fylket - no er han i gang med ein til...

Kunstnar Stig Eikaas er i full gang med å hogge ut ei statue av Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup. Den vil han ha plassert utanfor Astruptunet.

Eikaas lagar Astrup-statue

TO METER HØG: Statua av Nikolai Astrup er laga i Iddefjordgranitt og er om lag to meter høg. Kunstnar Stig Eikaas reknar med å vere ferdig med skulpturen i september.

Foto: privat/NRK

– Eg byrja på skulpturen i fjor. Det er vel ikkje laga noko i stein av Astrup i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane må jo ha ein skulptur av den største kunstnaren som nokosinne har vore der, Nikolai Astrup, seier Eikaas.

Eikaas har over tid hatt fleire innspel om kva Sogn og Fjordane bør gjere med tanke på Astrup.

Mellom anna føreslo Eikaas for knapt ei veke sidan at Musea i Sogn og Fjordane må satse på Astrup og leggje resten av musea på is, no som det ligg an til store innsparingar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ønskjer å strekkje ut ei hand

Han beit seg merke i at Jølster-ordførar Oddmund Klakegg føler at det ikkje vert satsa nok på Astruptunet, og opnar for at kommunen kan ta over drifta att.

– Difor tenkjer eg å strekkje ut ei hand og komme med eit slags trøystas ord. Ein skulptur av Astrup må berre bli ein attraksjon. Det er garantert, seier Eikaas.

Statuen av Astrup er godt i gang og står i atelieret til Eikaas i Sarpsborg.

– Eg har komme ganske langt. Den vert veldig finslipt. Eg skal få til det trekanta ansiktet, den karakteristiske nasen, hatten og dei melankolske auga. Eine handa skal vere i lommen og den andre skal hengje ned. Fingrar skal han også få, seier Eikaas.

(Artikkelen held fram under biletet)

Engel og Nikolai Astrup

ASTRUP: Nikolai Astrup saman med kona Engel.

Er to meter høg

Skulpturen vert to meter høg, mellom 500 og 600 kilo og er laga i Iddefjordgranitt. Men det er ikkje berre frå eige hovud kunstnaren har fått ideen om ein skulptur av Astrup.

– Nei, eg har vorte kontakta av nokon som ønskjer at eg skal lage den. Dette er private aktørar som har litt pengar, seier Eikaas.

Og sjølv om skulpturen har fått ein destinasjon, så ser allereie Eikaas for seg kor han meiner statuen bør stå.

– Eg håpar kommunen følgjer med i mi utvikling som kunstnar og forstår at dette kan vere eit viktig kick off og magnet for Astruptunet. Eg vil gjerne ha han i nærleiken der, seier Eikaas.

Sjølv meiner han timinga er perfekt med tanke på 100-årslanseringa i Europa.

– Dette er midt i blinken. Det må jo vere eit blinkskot, seier Eikaas.

Lovar å gjere seg flid

Men Jølster-kunstnaren er ikkje berre lett å framstille i stein.

– Han er krevjande å lage, men eg trur det blir bra. Eg skal gjere meg veldig flid, seier Eikaas.

Han legg ikkje skjul på at han vil føle det er stort å få på plass ein Astrup-statue i Jølster.

– Det vil vere veldig ærefullt for meg, seier Eikaas.

Eikaas sa for knappe ti år sidan at han skulle få på plass 200 skulpturar før han gav seg. Per i dag har han godt over 100. Målsetjinga står framleis fast.

– 200 skulpturar skal eg ha i Sogn og Fjordane, seier Eikaas.

Nikolai Astrup måla av Henrik Lund i 1900

JØLSTER-KUNSTNAR: Nikolai Astrup, her måla av Henrik Lund i 1900.

Meiner Jølster bør gripe sjansen

Fleire av dei har ført til stor debatt, både om kunsten i seg sjølv og om plasseringa. Til dømes gjekk diskusjonen hardt og lenge om statuen av Gjest Baardsen i Sogndal sentrum.

Også ein av dei siste verka til Eikaas, statuen av Oddvar Torsheim i Førde sentrum, var det blanda meiningar om.

Men Eikaas føler ting har endra seg over tid.

– Nokon meiner jo no at Gjest Baardsen er noko av det finaste eg har laga. Kunst har mykje med tid å gjere, seier Eikaas.

Han meiner Jølster kommune bør gripe moglegheita til ein Astrup-statue med begge hender.

– Dei bør så absolutt ta i mot den, seier Eikaas.

Kan ikkje svare for kommunen

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg kjende ikkje til prosjektet, men noterer seg at arbeidet er i gang.

Å love at statua kan få ein plass ved Astruptunet, kan han derimot ikkje.

– Jølster kommune eig eit område rundt tunet, men dette er det ikkje opp til ordføraren å bestemme, seier Klakegg.

Jølster kommune fekk Astruptunet, ein del kunst og gjenstandar, samt eit areal på 29 mål frå enkja etter Nikolai Astrup, Engel.

Tidlegare har det vore sagt at området har høg verneverdi, og nettopp difor gjekk både Riksantikvaren og Sogn og Fjordane fylkeskommune i mot at Jølster kommune ville lage ei ny arealplan for området for nokre år sidan.

– Om det vil late seg gjere å setje opp ein statue ved tunet, er det ikkje mogleg for meg å svare på no, seier Klakegg.

Han presiserer at ein søknad om dette vil bli handsama på lik linje med andre søknadar i kommunen.

– Eikaas meiner dette kan vere med å trekkje turistar til Jølster. Kva trur du om det?

– Astrup er utan tvil Jølsters største kunstnar. Eg trur Astrup i seg sjølv trekkjer turistar til Jølster, seier Klakegg.