Hopp til innhold

To drap på sju månader pregar eit lokalsamfunn

– Den førre drapssaka er ikkje komen opp til domstolsbehandling. Då er det tungt å få ei ny så tett på, seier Flora-ordførar Ola Teigen (Ap).

Ola Teigen

PREGA: Flora-ordførar Ola Teigen er tydeleg prega etter at Florø opplevde sitt andre drap på under eitt år fredag kveld.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sidan april har kystbyen med kring 9.000 innbyggjarar opplevd to drapssaker.

– Eg trur det går sterkt inn både på lokalsamfunnet, og meg sjølv. Vi les framleis overskrifter i avisene om oppfølging av førre drapssak. Så skjer det igjen, seier Teigen.

Sju månader – to drap

Ein mann i 20-åra er sikta, og har sete varetektsfengsla i over sju månader etter at ein mann i 40-åra vart drepen med ein metallgjenstand. Også ein mann i 40-åra har førebels status som sikta i den saka.

Politiet på åstaden laurdag morgon.

ETTERFORSKAR: Politiet er venta å halde fram arbeidet på åstaden utover laurdagen.

Foto: Truls Kleiven

Fredag kveld gjekk drapsalarmen igjen, då ei kvinne vart funnen knivstukken på ei adresse i byen . Ein person vart pågripen på staden.

Slikt gjer inntrykk på eit lite lokalsamfunn.

– Vi tenkjer på dei pårørande, som sit att med tankar, sorg og djup fortviling. Kommunen vil gjere det vi kan for at dei som treng det, får den hjelp og støtte dei har behov for, seier Teigen.

Sette kriseteam

Kommunen har etablert kriseteam med tilbod til både pårørande rundt avlidne, og dei rundt drapssikta som har behov for oppfølging.

– Det går først og fremst på å gi dei den støtta dei har behov for når slike ting skjer. Når menneske opplever så dramatiske hendingar, så er det mange tankar og kjensler, og gjerne behov for nokon å snakke med, seier Teigen.

Det var i 20-tida fredag at politiet fekk melding om ei hending på adressa.

Kjenner kvarandre

Drapet i Florø 15. november

KRIMTEKNIKARAR: Kriminalteknikarane kom til Florø like etter midnatt. Sidan har dei arbeidd med å sikre spor på åstaden.

Foto: Truls Kleiven

Kvinna fekk livreddande førstehjelp, men lege på staden stadfesta ho død klokka 20.30. Gjennom natta har kriminalteknikarar jobba med å sikre spor på staden. Det er venta at etterforskinga vil halde fram utover laurdagen.

Gjerningspersonen, som vart pågripen på staden, blir framstilt for varetektsfengsling over helga. Politiet seier det for tidleg å gå i detalj om hendinga eller motiv for drapet.

– Avhøyr av vitne held på for fullt. Saka blir etterforska med full styrke, både teknisk og taktisk, opplyste leiar for kommunikasjon i Vest politidistrikt, Arne Lutro, tidleg laurdag morgon

Politiet har ikkje grunn til å tru at fleire er involverte i hendinga. Både gjerningsperson og den avlidne er utanlandske statsborgarar.

– Dei kjenner kvarandre, men er ikkje i slekt, opplyser Lutro.

Politiet jobbar no med å varsle den avlidne sin familie i utlandet.

Ein person blir framstilt for varetetektsfengsling over helga, etter at ei kvinne vart funnen knivdrepen i Florø fredag 15. november. Drapet er det andre i kystbyen sidan april.

SJÅ VIDEO: Krimteknikarar kom i natt til Florø. Dei har jobba på åstaden gjennom natta. (FOTO/REDIGERING: TRULS KLEIVEN)