22-åring sikta for drap i Florø

FLORØ (NRK): Ein 22 år gammal mann er sikta for forsettleg drap etter at ein 40 år gammal mann vart funnen livlaus i bustaden sin tysdag.

Krimteknikarar frå Bergen på plass i Florø

TEKNIKARAR PÅ ÅSTADEN: Onsdag kom krimteknikarar frå Bergen for å hjelpe politiet i Florø. Her jobbar dei på åstaden.

Foto: GEIR BJARTE HJETLAND / NRK

Allereie før politiet fann mannen i bustaden, var politiet i kontakt med den sikta 22-åringen.

– Vi har kjennskap til sikta frå før. Han sitt no i avhøyr og snakkar godt med politiet, seier politiadvokat i Vest politidistrikt, Inger-Lise Høyland.

Mannen er busett i Florø, og har fleire gonger blitt dømd for vald og narkotikalovbrot.

Mellom anna skal den sikta ha slått og sparka ein person fleire gonger i kroppen og hovudet på ein russedåp i Florø i 2014, så han måtte på sjukehus.

Krimteknikarar frå Bergen på plass i Florø

I HAGEN: Krimteknikarane jobbar i hagen til bustaden der den avdøde vart funnen.

Foto: GEIR BJARTE HJETLAND / NRK

Fekk bekymringsmelding

Politiet rykte først ut til bustaden etter ei bekymringsmelding.

Då fann dei den mannen livlaus, og helsepersonell gav han livreddande førstehjelp i 40 minutt.

Livet stod ikkje til å redde, og han vart erklært død på staden.

– På bakgrunn av skadar på mannen og omstenda meiner vi han var utsett for ei kriminell handling, seier politiadvokat Høyland.

Den sikta vil bli framstilt for varetekt i Sogn og Fjordane tingrett torsdag.

– Stille og fredeleg

Børge Bjartmann Bjerck

SJOKKERT: Børge Bjartmann Bjerck er ein av naboane til den avdøde. – Dette er heilt forferdeleg, seier han.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Den avdøde er 40 år gammal, også busett i Florø. Politiet seier han og den sikta kjende kvarandre frå før.

Mannen budde i eit kommunalt hus i eit bustadområde like ved sentrum. Naboane hans fortel om ei stille og fredeleg gate.

– Eg synest det er veldig ubehageleg at noko sånt har skjedd i vesle Florø. Det er sjeldan og uønskt dramatikk, seier Børge Bjartmann Bjerck.

Hjelpte han i helga

Øystein Reksten

SNAKKA SAMAN: Øystein Reksten snakka med den avdøde naboen i helga.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Bjerck merka ingenting før politi og helse stod med fleire bilar framfor nabohuset. Det gjorde heller ikkje Øystein Reksten, ein annan nabo.

– Eg snakka med han seinast i helga, då eg hjelpte han med telefonen. Han hadde fått seg eit nytt SIM-kort, fortel han.

Reksten seier avdøde heldt seg mest for seg sjølv.

– Eg har ikkje reagert på noko spesielt. Det var stille og fredeleg, så eg fekk litt sjokk.

Mann arrestert og sikta for drap. Sjå pressekonferansen med politiet.