Hopp til innhold

Ein person pågripen etter nytt drap i Florø

FLORØ (NRK): Ein person er pågripen etter at ei kvinne vart drepen med kniv i Florø fredag kveld.

Drapet i Florø 15. november

KRIMTEKNIKARAR: Krimteknikarar kom like over midnatt til Florø for å starte undersøkingane av åstaden.

Foto: Truls Kleiven

Politiet fekk klokka 20 melding om ei hending på adressa. Politi og ambulanse rykte ut, og fann ei kvinne som var knivstukken, skriv politiet i ei pressemelding.

– Det vart forsøkt livreddande førstehjelp, men klokka 2030 vart kvinna stadfesta død på staden av lege, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy.

Øystein Russenes

INNSATSLEIAR: – Vi kom raskt til staden, og fann ein person drepen. Ein person vart pågripen. Vi etterforskar det som drap, seier innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes.

Foto: Truls Kleiven

Politiet har pågripe den dei meiner er gjerningsperson. Vedkommande vart pågripen på staden.

– Politiet har sett i gang etterforsking av drap, opplyser Algrøy.

Pårørande er førebels ikkje varsla. Operasjonsleiar Svein Rune Halleraker opplyser til NRK like over midnatt at etterforskinga vil gå utover natta.

– Felles straffesaksinntak jobbar med saka, seier han.

Drap i Florø

SPERRA: Politiet har sperra av eit område i Florø etter at ei kvinne vart drepen med kniv fredag kveld.

Foto: NRK.no-tipsar

Like over midnatt kom kriminalteknikarar til åstaden.

Politiet vil ikkje gje ytterlegare kommentarar før laurdag morgon.

Ordførar Ola Teigen (Ap) vart orientert om drapet seint fredag kveld. Dette er det andre drapet som skakar kystbyen i år. Ein mann i 20-åra sit varetektsfengsla etter at ein mann i 40-åra vart drepen i byrjinga av april. Førebels er to menn sikta for dette drapet.

Teigen seier drapa går innpå heile lokalsamfunnet.

– Vi tenkjer på dei pårørande som sit att med tankar, sorg og djup fortviling. Kommunen vil gjere det vi kan for at dei som treng det får den hjelp og støtte dei har behov for, seier ordføraren i ein kort kommentar til NRK.