Hopp til innhold

Dopingsakene vart ein tankevekkjar for Gjøran

Dopinsakene mot Martin Johnsrud Sundby og Therese Johaug vart ein tankevekkjar for Gjøran Tefre.

Gjøran Tefre

TANKEVEKKJAR: – Det blir fort veldig mørkt når det dukkar opp dopingsaker, og eg har spurt meg sjølv kva eg gjer om eg plutseleg står der. Idrett skal vere morosamt, men det er ikkje morosamt når slikt skjer, seier Gjøran Tefre og siktar til dopingsakene som siste året har rysta norsk langrenn.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Då Antidoping Norge vart veldig flinke til å teste og du måtte opp tidleg om morgonen for å vise at du følgjer reglementet, så spurte eg meg sjølv; Har eg lyst til å leve med ein slik turbulens og stigma?

Det seier langrennsløparen Gjøran Tefre frå Førde om dopingsakene som siste året har fått det til å koke både i og rundt langrennsmiljøet:

Tefre, som sjølv trenar 800 timar i året, er blant dei som har spurt seg sjølve om det er verd å satse så mykje på ein marginal idrett.

– Blir litt paranoid

Therese Johaug

DOPING: Dopingsaka mot Therese Johaug er førebels ikkje avgjord.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Den talentfulle Førde-løparen får spesielt dopingsaka til Johnsrud Sundby tett på seg. Han har sjølv helseutfordringar og må bruke astmamedisin for å konkurrere.

Tefre sjekkar heller ein gong for mykje enn for lite om han følgjer regelverket.

– Ein blir litt paranoid, seier han og presiserer at det er bra at Antidoping Norge er på hogget for å halde langrennssporten rettferdig og fri for doping.

– Men ein undrar når ein ser kor lett det er å bli råka av eit regelverk, som trass alt er der for å beskytte oss, seier Tefre.

– Tankevekkjar

Sundby

DOPING: Martin Johnsrud Sundby vart utestengd etter feil bruk av astmamedisin.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Han er glad for å ikkje sitje i Johaug sine skor. Ho testa positivt etter bruk av krem mot munnsår. Saka har fått brei dekning i media.

No skal voldgiftsretten i Sveits endeleg avgjere straffa til 27-åringen med eit hav av OL-, VM og NM-medaljar.

– Det er ein tankevekkar at idrettsutøvarar kan gå igjennom det Therese går igjennom. Spesielt når ein veit at folk som er sikta for kriminelle handlingar blir tekne betre vare på og skjerma endå meir frå media, seier Tefre.

Vil ut i verda

Det set likevel langt inne for Tefre å slutte med det han ser på som verdas beste jobb. Etter ein sesongstart prega av sjukdom, leverte 22-åringen gode renn etter nyttår.

– Neste sesong handlar det om å kvalifisere seg til verdscuprenn gjennom gode prestasjonar i Skandinavisk cup. Eg er veldig gira på å ta steget ut og få vise meg fram, seier han.

Tilbake til Team Veidekke

Sist sesong var Tefre på laget til meritterte Thomas Alsgaard. Då Team LeasePlan Go vart lagt ned, vart vegen kort tilbake til Team Veidekke Vest.

– Eg fann fort ut at nedlegginga ikkje skulle hindre meg i å nå måla mine. Team Veidekke Vest har flinke trenarar, smørjarar og utøvarar, så eg skal få brynt meg der også. Men det var gode økonomiske råmer som gjorde det lettare å satse med Team LeasePlan Go, seier han og forsikrar:

– Men sjølv om det blir utfordringar, så skal eg gjere jobben og ta stega.