Hopp til innhold

Dømd for drap på nordmann i Tsjekkia

Ein 21 år gammal tsjekkisk mann er dømd til 15 år i fengsel for drap på ein mann frå Sogn og Fjordane. Det opplyser tsjekkisk politi til NRK.

Nordmann funnen drepen i Praha

FUNNEN DØD: Mannen blei funnen om morgonen laurdag 13. oktober.

Foto: AKTU.cz

Det var i oktober i fjor at mannen i 60-åra frå Sogn og Fjordane vart funnen drepen i eit butikkområde rett utanfor Praha.

Mannen frå Sogn og Fjordane var på ferie i Praha saman med ein annan person då han forsvann.

Funnen død i butikkstrøk

Om morgonen laurdag 13. oktober vart mannen funnen død i nokre busker i distriktet Zličín vest i Praha. Området er eit kjent butikkområde, med mellom anna Ikea og eit handelshus.

Politiet mistenkte ikkje noko kriminelt med det same, men både obduksjon og etterfølgjande etterforsking avdekka godt skjulte spor etter vald.

To arresterte

Fem dagar etter dødsfallet vart to menn på 21 og 28 år arresterte. Dei to vart sikta for alvorleg kroppsskade som resulterte i død, og tjuveri, uautorisert bruk av kort og forfalsking.

Gjennom etterforskinga fann politiet ut at nordmannen hadde møtt ei gruppe på fire personar på flyplassen Václav Havel. Politiet meiner dei reiste vidare til Zličín for å feste.

Her skal det ha blitt krangel mellom mannen og ein i følgjet

Nordmannen skal ha fått alvorlege hovudskadar og vart liggande att medvitslaus. Han skal så ha blitt fråstolen både pengar og personlege eigendelar.

VEST-PRAHA: Nordmannen vart funnen drepen i Zličín, eit distrikt vest i Praha.

Dømd for drap

No er den yngste av mennene dømd til fengsel i 15 år for drap. Denne dommen er anka og skal opp for høgsterett i Praha den 18. september.

Den andre tiltalte er dømd til fengsel i 18 månader i fengsel for tjuveri.