Tsjekkisk politi: – Ingenting som tyder på at drapet var planlagt

To menn er sikta etter at ein mann i 60-åra frå Sogn og Fjordane blei funnen drepen i eit butikkområde rett utanfor Praha.

Nordmann funnen drepen i Praha

SPERRA AV: Først etter obduksjonen fann politiet spor av ei kriminell handling.

Foto: AKTU.cz

Fem dagar etter dødsfallet vart to menn på 21 og 28 år arresterte. Dei to er sikta for alvorleg kroppsskade som resulterte i død. Dei er også sikta for tjuveri, uautorisert bruk av kort og forfalsking, opplyser politiet.

– Det er ingenting som tyder på at drapet var planlagt, seier Tomáš Hulan som er talsmann for det tsjekkiske politiet, til NRK.

Skjulte spor etter vald

Både tsjekkisk og norsk politi er framleis tilbakehaldne med opplysningar rundt drapet på mannen frå Sogn og Fjordane. Om morgonen laurdag 13. oktober vart mannen funnen død i nokre busker i distriktet Zličín vest i Praha.

Området er eit kjent butikkområde, med mellom anna Ikea og eit handelshus.

Politiet mistenkte ikkje noko kriminelt med det same, men både obduksjon og etterfølgjande etterforsking avdekka godt skjulte spor etter vald.

– Funna førte til søk over eit breitt område på fleire kvadratkilometer, seier Hulan.

Oppstod krangel

Etterforskinga tok politiet vidare til flyplassen Václav Havel, nær to mil lenger nord. Her skal nordmannen ha kome i kontakt med ei gruppe på fire personar. Politiet meiner dei reiste til Zličín for å feste.

– Her skal det ha blitt krangel mellom mannen og ein i følgjet, opplyser Hulan.

Nordmannen skal ha fått alvorlege hovudskadar og vart liggande att medvitslaus. Han skal så ha blitt fråstolen både pengar og personlege eigendelar.

Fem dagar seinare vart to menn arresterte og sikta i saka. Den yngste av mennene sit framleis i varetekt, medan den eldste vart sleppt fri medan politiet held fram etterforskinga.

– Dei to er kjenningar av politiet, seier han.

To andre menn har status som vitne i saka.

FUNNEN DØD: Mannen blei funnen om morgonen laurdag 13. oktober.

Vart meld sakna

Ifølgje tsjekkisk politi risikerer mennene opp til 16 års fengsel om dei blir dømde.

To dagar etter at mannen vart funnen død, tok tsjekkisk politi kontakt med Kripos gjennom Interpol. Same dag vart mannen meld sakna av familien.

– Tsjekkisk politi bad om bistand til identifisering av ein død mann. På bakgrunn av dokument som han hadde på seg, meinte politiet at han var norsk, seier kommunikasjonsrådgjevar i Kripos, Jonas Fabritius Christoffersen.

Christoffersen seier norsk og tsjekkisk politi samarbeider godt om etterforskinga. Norsk politi skal mellom anna hjelpe til med avhøyr.

VEST-PRAHA: Nordmannen vart funnen drepen i Zličín, eit distrikt vest i Praha.