Hopp til innhold

Mann frå Sogn og Fjordane funnen død og rana i Tsjekkia

Mannen frå Sogn og Fjordane var på ferie i Praha saman med ein annan person då han forsvann. Han vart meldt sakna 15. oktober.

Mann funnen død

– Eg kan stadfeste at vi etterforskar ei sak der ein mann frå Sogn og Fjordane er funnen død i Tsjekkia, seier Tore Salvesen, leiar for seksjon for etterforsking av drap, grov vald og seksuallovbrot i Vest politidistrikt til NRK.

Det var VG som først omtalte saka.

Etter å ha blitt meld sakna, vart mannen frå Sogn og Fjordane seinare funnen død og rana utanfor den tsjekkiske hovudstaden. Det er ukjent kva dag, ifølgje politiet.

Firda skriv i torsdag kveld at ein mann er arrestert og sikta for alvorleg kroppsskade.

Tore Salvesen

ETTERFORSKAR: Tore Salvesen er leiar for seksjon for etterforsking av drap, grov vald og seksuallovbrot i Vest politidistrikt.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Det er førebels ikkje klart kva nasjonalitet den pågripne har, men eg kan stadfeste at han ikkje er norsk, seier Salvesen.

Han seier dei vart kontakta av det tsjekkisk politiet og bedne om å hjelpe dei med etterforskinga i Noreg.

17. oktober vart den avdøde mannen identifisert via fingeravtrykk som vart lagt ut i databasane til Interpol.

Ein mann er arrestert og sikta for alvorleg kroppsskade, tjuveri, uautorisert bruk av kort og forfalsking, skriv Bergens Tidende.

Salvesen seier til NRK at politiet førebels ikkje vil gå ut med nærare identifisering av den avdøde, men at dei er i kontakt med dei pårørande.

– Vi gjennomfører no den etterforskinga som tsjekkisk politiet har bede om hjelp til. I løpet av fredagen vil vurdere vidare etterforskingsskritt i samarbeid med Kripos.