Hopp til innhold

Kim og Leif mista ferja med eitt minutt - no mister dei også brua dei har drøymt om

Kim Inge Myhre var ein skuffa mann tysdag morgon. Ikkje berre bomma han på ferja på med eitt minutt, men no mister han også brua Anda – Lote han har ønska seg så sterkt.

Frank Gill

BOMMA: Kim Inge Myhre og Leif Idar Yri vil gjerne ha bru. I dag bomma dei også på ferja med eitt minutt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Reaksjonane på regjeringa si avgjerd om å velje indre trase for ny E39 gjennom Nordfjord har ikkje late vente på seg. På Lote ferjekai står kameratane Kim Inge Myhre og Leif Idar Yri og ventar på neste ferje.

– Vi kom eit minutt for seint. Eg er misnøgd med den avgjerda regjeringa har teke, skulle sett at brua kom her. Eg kjende at eg blei skuffa, seier Myhre.

– Vi blei litt forbanna

Kameraten Leif Idar Yri er også skuffa, både over å miste pendlarferja dei skulle ta – og at regjeringa no trumfar gjennom E39-trase via indre Nordfjord.

– Eg er skuffa over at brua skal kome i indre, det er så irriterande å miste denne ferja og bli ståande å vente slik som i dag tidleg. Vi skrudde ned radioen då vi høyrde dette, vi blei litt forbanna, seier Yri.

Misnøgde pendlarar

På ferja mellom Anda og Lote var nær alle stemstemde om at regjeringa har fatta ei feil avgjerd om kvar E39 skal gå. Mellom dei med sterke meiningar om dette er Anne Marie Fammestad, som har pendla Anda – Lote i tjue år.

– Eg synest det er ei litt merkeleg avgjerd at ei bru skal gå nesten lengst inne i ein fjord. Eg synest det skulle gått bru over Anda-Lote. Eg vart veldig skuffa då eg høyrde avgjerda, seier Fammestad.

Åge Myklebust

SKUFFA: Åge Myklebust

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Misnøgd er også Åge Myklebust frå Sandane som også har pendla med ferja dagleg i mange år.

– At avgjerda blei fatta var jo heilt på tide, men det er jo ei sørgeleg hending for Sogn og Fjordane. Eg trur det blir mykje trafikk på ferja uansett, meiner han.

Godt nøgde i Stryn

I Stryn sentrum var derimot stemninga ein heilt anna no i morgontimane. På ein av bensinstasjonane i bygda var folk særs nøgde med regjeringa si avgjerd.

– Det har vore mykje styr og stell, og faktisk også mykje bortkasta energi som har vore brukt på dette. At det blei indre trase har eg sjølvsagt ikkje noko imot. Denne striden har ikkje vore til det beste for samarbeid i Nordfjord, men eg håpar no at ein klarer å sjå framover, seier Terje Valaker til NRK.

Inge Arne Bø var også ein svært nøgd mann, som kunne registrere at synet hans på E39-trase var det regjeringa valde.

– Eg synest det er flott for Stryn og regionen her, og frå min ståstad så er dette ei fornuftig avgjersle, meiner Bø.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold