Hopp til innhold

Rasar mot forbodsskilt i skiløypene

Eit skilt i skiløypene som seier at turgåarar er uønskte, har sett sinna i kok på Sunnmøre. – Skammeleg, seier Knut Magne Vegsund Fylling som oppfattar skiltet som eit forbod. No vel idrettslaget å ta ned skiltet.

Knut Magne Vegsund Fylling i skiløypa

Det er dette skiltet som har skapt reaksjonar på Emblemsfjellet på Sunnmøre. Knut Magne Vegsund Fylling meiner det burde vere plass til både turgåarar og skiløparar i det populære turområdet.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Skiløypene slynger seg langstrekte gjennom landskapet på Emblemsfjellet i Ålesund. Ved utkanten av dei preparerte løypene går Knut Magne Vegsund Fylling med broddar på skoa. Heile året brukar han området til turane sine. Men dei siste vekene har striden om kven som får bruke løypene blussa opp.

– Eg føler dei forbyr meg å gå her, seier han til NRK.

På skiltet står det i klartekst at ferdsel til fots er uønskt. Skiltet kom opp etter at skisporet blei trakka ned av turgåarar. I sosiale medium rasar debatten om kven som skal få bruke turområdet på vinterstid.

– Det er som bensin på bålet. Dei kan ikkje nekte folk å gå her, seier Vegsund Fylling.

– Blir jaga frå fjellet

Konflikt på Emblemfjellet

Knut Magne Vegsund Fylling meiner det burde vere plass til både turgåarar og skiløparar på Emblemsfjellet.

Foto: Privat

Turgåaren seier mange opplever situasjonen som vanskeleg.

– Eg møter folk i bygda som ikkje tør å gå her fordi dei meiner dei blir skjelt ut av sinte skigåarar.

Han forstår at dei frivillige blir frustrert når folk går i løypa, men tvilar på at nokon gjer det for å øydelegge. Turgåaren meiner idrettslaget bør ta sjølvkritikk.

– Dei kunne ha sett opp eit skilt som bad turgåarar om å halde til venstre. Då er det framleis god plass utanfor dei preparerte løypene for dei som vil bruke beina og ein kunne unngått ei konflikt.

– Bryt ikkje allemannsretten

Problemet er langt frå nytt og skapar heftige diskusjonar over heile landet. Allemannsretten gir alle lov til å ferdast i utmarka i Noreg. Marianne Jøranlid Reusch er ein av dei fremste ekspertane på allemannsretten. Ho trur mange misforstår bruken.

– Mange trur dei kan gå kor, når og på den måten dei vil, så lenge det er i naturen. Men så enkelt er det ikkje.

Reucsh seier grensa går ved omsynsregelen. Det betyr at alle må ta omsyn og ikkje øydelegge for anna lovleg aktivitet.

– Dette gjeld for eksempel å øydelegge preparerte løyper.

Ho trur det er mogleg å kombinere aktivitetar og viser til at det i Tromsø blei laga ei «gåsone» mellom skisporet og snøkanten. Ifølgje Henrik Romsaas i Tromsø kommune har det fungert godt.

– Det har dempa konflikten mellom turgåarar og skiløparar, og gjort at fleire brukar området, seier han.

Gåsone i Tromsø

I Tromsø har eit skilt som viser gåsona og skisona lagt ein dempar på konflikten mellom skiløparar og turgåarar.

Foto: Henrik Romsaas / Tromsø kommune

– Ikkje eit forbod

Erling Vartdal, leiar for Emblem IL Langrenn, seier skiltet ikkje er meint som eit forbod. Han forstår likevel at nokre har reagert på ordlyden og seier dei no vil ta ned skiltet.

– Vi ønsker berre at folk viser omsyn. Målet var å skape forståing for den omfattande dugnadsjobben som blir gjort med å trakke treningsløyper og at desse blir øydelagt når folk går i dei.

Han beklagar dersom nokon har følt seg uønskt av idrettslaget og seier det skal vere plass til alle.

– Vi ønsker ikkje å skape konflikt og har informert medlemene våre om dette.