Hopp til innhold

Dette har jegerane klart åtte gonger sidan 2000

75 jervar er drepne i region 1 på Vestlandet dei siste 18 åra. Åtte av dei er skotne av jegerar under ordinær jakt, medan Statens naturoppsyn (SNO) har avliva storparten av resten på storsamfunnet si rekning.

Jerv tatt i Nørdstedalen i Luster februar 2011

SJELDAN RESULTAT: Denne 13 kilo tunge hannjerven vart fanga i ein bås under ordinær jakt i 2011. At jervar blir felt under ordinær jakt har skjedd åtte gonger i region 1 dei siste 18 åra.

Foto: SNO Aurland

Er det då vits med lisensjakt?

– Ja, det er vits i, men det går ikkje an å basere forvaltninga berre på det. Som eit bidrag frå lokalbefolkninga og frå beitenæringa i si side, så er det vits i det, seier talsperson for sauebøndene i Luster kommune i Indre Sogn, Arne Øverås.

Rein Arne Golf

GOD PORSJON FLAKS: Rein Arne Golf i SNO seier det med vanskelege fjellområde og få individ i området skal ein god porsjon flaks og samantreff til for at jeger og jerv skal vere på same plass på same tid.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi vil seie at det er vits i det. Ein del av grunnen for at vi har lisensjakt er for å alminneleggjere jakt på rovvilt, og jegerane har med jakta moglegheit til å vere med å regulere rovviltbestandane våre, seier rovviltansvarleg i SNO i Sogn og Fjordane og Hordaland, Rein Arne Golf.

Resultatlaus jakt er blitt regelen

Jerv er og har vore eit frykta rovdyr for bøndene. I Sogn og Fjordane har jerv fleire år gjort store skader på sauer på beite , medan det dei to siste åra ikkje har vore dokumentert skade på beitedyr gjort av jerv i Sogn og Fjordane.

Likevel vart det i haust gitt løyve til å felle 8 jervar under lisensjakta i region 1 på Vestlandet. Med dagar att av jakta er ingen jervar skotne.

Aleksander Øren Heen

STØRST EFFEKT: Aleksander Øren Heen i rovviltnemnda konstaterer at det er dei ekstraordinære uttak gjort av SNO som gir størst effekt for å regulere jervebestanden i region 1.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg er ikkje overraska. Erfaringar frå tidlegare har vist at lisensjakt på jerv i våre område med høge og utilgjengelege fjellområde er vanskeleg, seier Sp-politikar og leiar i rovviltnemnda i region 1, Aleksander Øren Heen.

Tala tilbake til 2000 stadfestar at resultatlaus lisensjakt ikkje er noko nytt. Av 75 drepne jerv sidan 2000, er åtte skotne på ordinær jakt. Forklaringa er at jerven held seg i utilgjengelege fjellområde, og at det også er få individ i området.

Når lisensjakta er resultatlaus er det Statens naturoppsyn som får i oppdrag å avlive jerv. SNO kan ta i bruk både helikopter og snøscooter når dei tek seg opp i fjellet, verkemiddel som jegerane ikkje får ta i bruk. I 2015 til dømes brukte SNO vel 700.000 kroner på å felle seks jervar i Sogn og Fjordane.

Jerv skoten i Gloppen

AVLIVA AV SNO: Denne hojerven vart avliva i Gloppen i samband med såkalla ekstraordinære uttak i april 2017. Denne hausten tok SNO livet av fem jerv under det ekstraordinære uttaket i region 1.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Forsvarar at staten tek rekninga

Leiar i Jostedalen sankelag, Kjetil Ruud, forsvarar at storsamfunnet brukar pengar på å skyte ut jerv.

– Når det er bestemt at vår region skal vere beiteprioritert område, så er det rett å gjere det. For beitenæringa i vår kommune er det heilt avgjerande at SNO held fram med ekstraordinære uttak.

Dei siste åra er det gjort fleire grep i håp om å lukkast betre med jakta. I tillegg til kursing av jegerar, er det gjennom eit prøveprosjekt opna for bruk av lys på åte, kameraovervaking av jervebåsar og bruk av snøskuter til utplassering og tilsyn.

Også Øren Heen i rovviltnemnda forsvarar pengebruken. Golf i SNO vil ikkje uttale seg om kostnadane, men konstaterer at uttaka dei har gjort syner att.

– Både i fjor og året før har vi ingen dokumentasjon på jerveskadar i Sogn og Fjordane. Det er tydeleg at den aktive forvaltninga til styresmaktene har verka inn på konflikten mellom rovvilt og beitedyr.