Hopp til innhold

Vil få fleire til å jakte jerv

Norges Jeger- og Fiskeforbund ønskjer å motivere fleire jegerar til å jakte jerv.

Jerv

VANSKELEG JAKT: Jerven er sky, og held seg i høgt til fjells, langt frå folk. I starten av november inviterer Norges Jeger- og Fiskeforbund til kurskveld for å motivere jegerar i Sogn og Fjordane til å prøve seg på jervejakt.

Foto: BBC

Jervejakt blir skildra som svært vanskeleg. På 15 år er det berre skote sju jervar under ordinær lisensjakt i Sogn og Fjordane, medan 54 dyr er avliva under såkalla ekstraordinære uttak (sjå faktaboks).

Eivind Lurås

KURS: Eivind Lurås ved Jakt- og Fiskesenteret til Norges Jeger- og Fiskeforbund seier dei vil dele kunnskapen om vellukka jervejakt. På biletet er han med ein ulv skoten under lisensjakt.

Foto: Privat

Fagkonsulent Eivind Lurås ved Norges Jeger- og fiskeforbund sitt jakt og fiskesenter seier dei inviterer jegerar i fylket til kurs for å lære meir.

– Jervejakt er ei jaktform og eit vilt som er spennande å jakte på, og vi håpar å motivere fleire til å gjere det. I tillegg er det ei politisk målsetting om at vi skal lukkast betre med lisensjakta, og vi som jegerorganisasjon føler eit visst ansvar for å oppmuntre til og nå den målsettinga best mogleg, seier Lurås.

– Vil dele kunnskap

Jervejakta har knapt gitt resultat i fylket siste femten åra . Dette skjer samtidig som at Stortinget har understreka at lisensjakta skal vere det viktigaste verkemiddelet for å regulere bestanden av jerv.

Men jakta er vanskeleg. Jerven er svært sky, og held seg ofte i utilgjengelege område høgt til fjells.

Eivind Lurås ved jakt og fiskesenteret seier forbundet vil dele kunnskapen om vellukka jervejakt med jegerar i Sogn og Fjordane.

– Vi ser at ein lukkast mykje betre nokon plassar enn andre, og dette har vi lært av. Dette prøver vi å spreie til jegerar i andre område, seier han.

– Handlar ofte om organisering

Lurås viser til at det i Indre Sogn, der jerven oftast har heldt seg i Sogn og Fjordane, er store avstandar og utilgjengelege område. Jakt ved bruk av åte og bås kan difor vere mest hensiktsmessig i slike område.

– Samtidig handlar det om å planlegge og organisere jakta. Ein kan ikkje berre slenge ut eit åte, ein må organisere seg slik at ein har folk ved åtet oftast mogleg. Då blir sjansen for å skyte jerven større, seier Lurås.

Frå i haust av har jegerane som eit prøveprosjekt også fått lov til å bruke lys på åte, kameraovervaking av jervebåsar og snøskuter til utplassering og tilsyn. Håpet er at dette skal effektivisere lisensjakta.

– Positivt

Arnodd Håpnes

POSITIV: Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet er i utgangspunktet positiv til kurs for å få fleire jegerar til å delta i lisensjakt på jerv.

Foto: Jo Straube

Arnodd Håpnes, fagleiar på naturmangfald i Naturvernforbundet, er i utgangspunktet positiv til at det blir halde kurs for å få fleire til å jakte jerv.

– Vi ønskjer at eventuell jakt på jerv skal gjerast ved ordinær jakt, eller som skadefelling når det oppstår store skader på husdyr og tamrein, og ikkje med helikopter og snøscooter på våren når det er tisper med ungar som ligg i hia.

– Er det nødvendig med slike kurs?

– Lisensjakt på jerv er komplisert og vanskeleg. Vi synest lisenskvotane er for høge, samtidig er det nyttig for jegerar å få meir kunnskap om det dyret dei jaktar på, seier han.